BARNP2 Praksis i barnevernsfaglig arbeid
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet gjev studentane høve til å vidareutvikle sin kompetanse i møte med praksisfeltet. Gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og utsette barn og unge og deira familiar, skal studentane ta i bruk kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse frå studiet og inn i praktisk barnevernsfagleg arbeid.
Studentane skal bruke både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i ulike kontekster og møte med ulike kulturar.
Dette skal bidra til at studentane rettar fokus på samanhengen mellom forsking, teori og praktisk barnevernsarbeid. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utprøving skal studentane bli bevisste på si eiga yrkesrolle og identitet som barnevernspedagog.
Emnet er delt i tre:
- Praksisførebuing: førpraksisseminar med fokus på etikk og andre tema som er relevante for praksis.
- 16 veker praksisstudium i statleg eller kommunalt barnevern.
- Etterpraksisseminar med fokus på å reflektere over erfaringar frå praksis, eiga yrkesrolle og identitet. Studentane skal øve på etisk refleksjon og å vere kritisk til eigen praksis.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten …
- har kunnskap om ulike praksisplassar si organisering og mandat.
- har brei kunnskap om kommunikasjon, samhandling, konflikthandtering og samarbeid i møte med utsette barn unge og deira familiar.
- har brei kunnskap om korleis forstå og vurdere barns beste, barn og familiar sine rettar, uavhengig av språk og kultur.
- har kunnskap om etiske problemstillingar og innsikt i kva rolle makt spelar i barnevernsfeltet, korleis fagleg skjønn verkar inn på praksis.
- har kunnskap om tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid, og kva dette har å seie for praksis.
- har kunnskap om barns rettigheiter på barnevernsinstitusjon.
- har digital kompetanse og kunnskap om digital tryggleik.
Ferdigheiter: Studenten…
- kan nytte brukarens erfaringskunnskap, eigne erfaringar og forskingskunnskap for å vurdere barns beste og sikre deira medverknad.
- kan bruke kunnskapsbaserte metodar, teoriar og fagleg skjønn i arbeide med barn, unge og deira familiar..
- kan anvende lovverk og regelverk som er relevant for praksisplassen.
- kan etablere kontakt, bygge relasjonar og legge til rette for god kommunikasjon og rettleiing til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar.
- har vilje og evne til å ta imot rettleiing, og kan reflektere godt over eiga rolle som barnevernspedagog i møte med barn, unge og familiar.
- kan delta i samarbeidsmøte og har kjennskap til tverrfagleg samarbeid på individ- og systemnivå
Generell kompetanse: Studenten…
- kan bruke relevant kunnskap og erfaring til å undersøke, tilretteleggje, gjennomføre, dokumentere, vurdere og evaluere barnevernsfagleg arbeid med utgangspunkt i barnets beste og i tråd med etiske retningslinjer og på ein fagleg forsvarleg måte.
- har innsikt i eiga forforståing, haldningar og verdiar.
- kan vise analytisk, kritisk og reflekterande tilnærming til eige barnevernsfagleg arbeid, yrkesrolle og identitet.
- kan ivareta barn, unge og familiars rettigheiter og sikre likeverdige tenester.
- kan bruke kunnskap, ferdigheiter og erfaringar til å møte utsette barn, unge og deira familiar med forståing, anerkjenning og empati, på tvers av kontekstar og ulike kulturar.
- kan gjere sjølvstendige barnevernsfaglege vurderingar og grunngje desse i tråd med etiske krav og retningslinjer, og kunne dokumentere og formidle desse skriftleg og munnleg.
- kan oppdatere sin kunnskap på fagområdet barnevern
- tek ansvar som god rollemodell for barn og unge
- har vilje og evne til å samarbeide, etablere tillitsforhold og kommunisere med barn, unge og andre samarbeidspartar
- er stand til å utføre dei yrkesmessige vurderingene og handlingane som praksis krever
Krav til forkunnskapar
Studenten må ha bestått alle emna i første studieåret og opparbeida seg eksamensrett i emne BARN200 og BARN210.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet startar med førebuande før-praksis-seminar og vert avslutta med reflekterande etter-praksis-seminar. På begge seminara vert det ein kombinasjon av tradisjonelle og studentaktive undervisningsformer.
På praksisplassen får studenten tildelt rettleiar, og skal ha 2 time rettleiing kvar veke. Det er studenten som har ansvar for å førebu rettleiingstimane. Studenten skal reflektere over faglege og etiske problemstillingar. I tillegg kan rettleiinga nyttast til planlegging av oppgåver og læringsmål i praksis, oppfølging og evaluering av desse.
Studenten skal også arbeide med skriftlege oppgåver knytt til eigne læringsmål. Studenten skal delta på fastsette veker på tildelt praksisplass, førebuingar til praksis, undervisning og seminar på campus.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten har følgjande obligatoriske arbeidskrav i praksisperioden:
- Læreavtale. Denne skal godkjennast av praksislærar.
- Skriftleg praksisoppgåve med problemstilling knytt til aktuell praksisplass. Omfang 3000 ord +/- 10 %
- Refleksjonsoppgåve knytt til eiga læring i praksis.
- Godkjent praksis med 90% frammøte
- Godkjent førpraksisseminar med 80% frammøte
- Godkjent etterpraksisseminar med 80% frammøte
Vurderingsform
Praksis vert vurdert samla etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden.
Ny praksisperiode Ved ikkje greidd praksis må praksisperioden gjennomførast på nytt ved neste gong denne vert arrangert. For meir informasjon sjå: Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet av 1.8.2019, kapittel 10
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BVP5-206 - Praksis og praksisrefleksjon - Reduksjon: 30 studiepoeng