BI434 Vegetasjonsøkologi
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet gjev ei innføring i relevant teori og metode - mellom anna for datainnsamling, gradientanalyse og korrelasjonsanalyse- for omtale av og forståing av vegetasjonen si utbreiing regionalt og lokalt. Det vert spesielt fokusert på kva for lokale gradientar som er dei viktigaste for å forklare variasjonen i vegetasjonen i ulike økosystem i Noreg. Emnet bygger på kunnskap om plantemangfaldet i Norge og om viktige kretslaup i naturen, og legg eit grunnlag for kunnskapsbasert forvaltning av norsk natur.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Studenten har innsikt i planter sine grunnleggande krav.
- Studenten kjenner til vanlege metodar for innsamling og analyse av vegetasjonsøkologiske data.
- Studenten kjenner til kva faktorar som er årsak til den regionale vegetasjonsvariasjonen i Noreg.
- Studenten kjenner til kva faktorar som er årsak til den lokale vegetasjonsvariasjonen i utvalde norske økosystem.
- Studenten har innsikt i type- og beskrivelsessystemet for naturvariasjon i Norge, Natur i Norge (NiN - nyaste versjon).
Ferdigheiter
- Studenten kan bruke relevante analyseverktøy for vegetasjonsdata, t.d. statistikkprogrammet R.
- Studenten kan skrive en god og lettlest tekst om naturvariasjon og vegetasjon i Norge.
Generell kompetanse
- Studenten har innsikt i relevante problemstillingar i faget.
- Studenten kan planlegge og gjennomføre enkle vegetasjonsøkologiske undersøkelsar.
- Studenten kan formidle sentralt vegetasjonsøkologisk fagstoff, både munnleg og skriftleg.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emnet byggjer på BI424 Botanikk grunnkurs og BI445 Økologi. Det er ei føremon med kunnskap i statistikk
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, dataanalyse-seminar, muntlig presentasjon og diskusjonm gruppearbeid, medstudentrespons og organiserte og egenstyrte ekskursjoner
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking på alle ekskursjonar (fem dagar)
Tre arbeidskrav
- Skriftleg presentasjon av seg sjølv i PowerPoint (arbeidskrav 1)
- Skriftleg oppgåve (2000 ord) basert på eige feltarbeid og eigne analysar (arbeidskrav 2)
- Presentasjon av vitskapleg arbeid inkludert rettleiing i forkant (arbeidskrav 3)
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Karakterskala: A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel