BI435 Landskapsøkologi
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
I dette emnet lærer du om idear, perspektiv og spørsmål frå landskapsøkologi, og korleis ein kan bruka landskapsøkologi i arealplanlegging og -forvaltning. Viktige tema som går igjen er: skala-avhengighet, landskapsstruktur, landskapsdynamikk, fragmentering og konnektivitet. Innhaldet i emnet kan delast inn under: (1) kunnskap om økologiske prosessar og mønster i landskapet, (2) verktøy for å beskriva og forstå desse og (3) strategiar for å ta vare på naturverdiar gjennom arealplanlegging og arealforvaltning.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- kan beskrive korleis romleg mønster påverkar økologiske prosessar hos dyr og planter, på ulike romlege og tidsmessige skalaer.
- kan samanlikne naturlege og menneskelege årsaker til landskapsmønster og -dynamikk.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan analysere landskapsmønster og -dynamikk kvantitativt.
- kan tolke resultat frå landskapsøkologiske studiar.
- kan anvende økologiske prinsipp og empiri i arealplanlegging og -forvaltning.
Generell kompetanse
Studenten:
- kan presentere og trekkje på kvantitativt grunnlag for å underbyggje påstandar i skriftleg arbeid
- kan reflektere over landskapet som et komplekst biologisk system, og utfordringane denne kompleksiteten byr på i arealplanlegging og arealforvaltning.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav.
Tilrådde forkunnskapar
Det er ei føremon med grunnleggende kunnskaper i økologi, geografiske informasjons system (GIS) og statistikk.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, øvingar, studentpresentasjonar av vitskaplege artiklar, prosjektbasert læring, ekskursjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
- oppmøte til prosjektarbeid, ekskursjon og temadag(ar)
- godkjend presentasjon av ein vitskapleg artikkel
- godkjend prosjektoppgåve
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjende til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skuleeksamen, 4 timar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel