Hopp til innhald

BIO205 Transfusjonsmedisin

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet tek for seg dei klinisk viktigaste blodtypesystema og kvifor dette er viktig ved transfusjon, naudsynte blodtypeserologiske testar, produksjon av ulike blodprodukt som blir nytta ved transfusjon og lover og forskrifter for blodgjeving og drift av transfusjonstenesta i Noreg. Emnet skal gje basiskunnskapar innan transfusjonsmedisin slik at studenten skal kunne vite korleis ein produserar, analyserer og vel blodprodukt til pasient, og kan forklare, tolke og kvalitetssikre analysearbeidet.

Innhold

  • Immunologi, antistoff, antigen
  • Genetikk
  • Komplementsystemet
  • ABO- og H blodtypesystemet, Rh-blodtypesystemet, andre klinisk signifikante blodtypesystem
  • Blodtypeserologiske testar
  • Val av donorar og testing av donorblod
  • Prosessering av blodprodukt
  • Hemolytiske transfusjonsreaksjonar og hemolytisk sjukdom hjå fetus og nyfødte
  • Transfusjon som terapi
  • Kvalitetssikring, risikovurdering, hemovigilans
  • Lover og reglar for transfusjonstjenesta i Noreg.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Kan gjere reie for klinisk signifikante blodtypesystem og kvifor dei er viktige ved transfusjon
  • Kan gjere reie for korleis ulike blodkomponentar nyttast i pasientbehandling
  • Kan gjere reie for komplikasjonar som kan oppstå etter transfusjon og kva for analyser som må gjerast etter ein transfusjonsreaksjon
  • Kan forklare prinsippet for ulike blodtypeserologiske analyser
  • Kan gjere reie for krav til å kunne vere blodgjever, og korleis blodbanken framstiller, kontrollerer og lagrar blodkomponentar
  • Vite om gjeldande lover og forskrifter for drift av transfusjonstjenesta i Noreg

Ferdigheiter

Studenten

  • Vite kva for blodtypeserologiske analyser som blir nytta, og kunne gjere analyser av pasient og gjevar i rett rekkefølgje ved pretransfusjonsutreiing
  • Kan utføre og tolke alle naudsynte blodtypeserologiske analyser (ABO/D-typing, antistoff-screening og identifisering av plasma, fenotyping og utvida forlik) for å kunne gje rett blod til pasientar

Generell kompetanse

Studenten

  • Skal vere ærleg og sjølvstendig i sitt arbeid på laboratoriet
  • Kan møte blodgjevarar og pasientar med kunnskap, respekt og forståelse uavhengig av etnisk, religiøs og kulturell bakgrunn

Krav til forkunnskapar

BIO171 Fysiologi, anatomi og histologi i laboratoriemedisin

BIO175 Medisinsk laboratorieteknologi I

Alle obligatoriske læringsaktivitetar i BIO201 Hematologi og immunologi og BIO203 Medisinsk laboratorieteknologi II - Immunologiske metodar

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, oppgaveløysing, problembasert læring med godkjent utreiing av kasuistikk innan pretransfusjon, samt laboratoriekurs.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Vere tilstades på varsla obligatoriske førelesingar
  • Godkjent utreiing av ein kasuistikk (problembasert læring i gruppe)
  • Laboratoriekurs (1 dag praktisk forkurs + 5 dagar laboratoriekurs).
  • Digital kunnskapstest (2 timar)

Det blir kun sett opp eitt laboratoriekurs i emnet. Studentar som er fråverende, eller av andre grunnar ikkje får godkjent obligatorisk laboratoriekurs, vil difor ikkje kunne ta nytt laboratoriekurs same semester. Studentar som ikkje får godkjent laboratoriekurs vil slik måtte vente til neste gong emnet blir undervist.

Ein student har kun rett på 2 forsøk i eit laboratoriekurs totalt.

Bestått arbeidskrav er gyldig i seks påfølgjende semester.

Vurderingsform

Skriftleg digital skuleeksamen, 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BIO132 - Transfusjonsmedisin - Reduksjon: 7,5 studiepoeng