Hopp til innhald

BKUF201 Danning og akademisk handverk

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar, forståing av eige fagområde og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til berekraftig utvikling for å fremja perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette og uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.

Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).

Danning seier noko om korleis personlegdom, oppførsel og moral til eit menneske formast i eit samfunn. Menneskets evne til å forma seg og la seg forma med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.

Utdanning byggjer menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring.

Skriveprosessen står sentralt i ei akademisk utdanning, og det akademiske handverket er i emnet knytt til å skrive akademiske tekstar.

Emnet er eit fellesemne for alle bachelorstudia ved HVL og har eit omfang på 7,5 studiepoeng. Emnet har ein fellesdel som utgjer 5 studiepoeng og ein utdanningsspesifikk del på 2,5. Fellesdelen og utdanningsdelen i emnet utgjer ei integrert eining i undervisninga.

Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.

Læringsutbytte

Læringsutbytte fellesdel:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt.
  • har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid.
  • har kunnskap om etikk og berekraft.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt, samt trekke inn etiske problemstillingar knytt til desse.
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  • kan anvende fagleg kunnskap i fagleg tekst som tilfredsstiller akademiske krav

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe.
  • kan utveksle og diskutere faglege synspunkt og vere kritisk til eige fagområde og vitskapen generelt

Læringsutbytte fagspesifikk del:

Kunnskap

Studenten

  • kjenner til og kan drøfte etiske problemstillingar innan kunst- og kulturfeltet.
  • har innsikt i hvordan vitenskapelige tilnærminger til kunst som fagfelt har utviklet seg

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunstfaglege arbeidsformer og kunstnarlege uttrykksmåtar i møte med faglege tekstar og i det akademiske arbeidet

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i danningsprosessar som går føre seg i møtet mellom kunstnarar, kunst og mottakarar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta studentaktive læringsformer, og ein nyttar digitale ressursar i emnet. Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursforelesningar og aktivitetar som fremjar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Studentane får rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. Individuelt skriftleg arbeid der studentane skal skrive ein akademisk tekst knytt til eigen profesjon eller eige fagområde.
  2. Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  3. Deltaking i gruppearbeid med rettleiing knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft samt refleksjon omkring eige fagområde og til vitskapane generelt.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Krav til deltaking/frammøte i obligatoriske læringsaktivitetar er 80%, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL §8-4(3).

Vurderingsform

Skriftleg semesteroppgåve i gruppe, omfang 1500 ord +/- 10%.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Ny eksamen: Dersom eksamen ikkje er bestått, er det mogleg å levere omarbeidd versjon ved utgangen av påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne. For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).

Meir om hjelpemiddel