Hopp til innhald

BØ6-2010 Regnskap i praksis

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emne gjev ei praktisk og teoretisk fordjuping i rekneskapsprosessen frå bokføring til ferdig årsrekneskap og bygger på forkunnskapar om rekneskapsteori frå BØ6-2009 Vidaregåande finansrekneskap.

Innhald i emne:

  • Bokføringsregelverket og praktisering knytt til ulike problemstillingar mellom anna meirverdiavgift.
  • Gjennomføre løpande bilagsføring i eit rekneskapsprogram.
  • Utarbeide eit årsrekneskap med resultatrekneskap, balanse og notar for eit lite føretak basert på god rekneskapsskikk.
  • Bruke eit årsoppgjersprogram for å sette opp eit årsrekneskap

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten

  • har inngåande kunnskap om dei grunnleggande bokføringsprinsippa og sentrale deler av god bokføringsskikk
  • kan bokføre og kvalitetssikre transaksjonar og andre hendingar i rekneskapen, herunder analyse av dei rekneskapsmessige konsekvensane av ulik MVA-handsaming
  • kan utarbeide og kvalitetssikre ekstern regnskapsrapportering ved bruk av avstemming og andre analyseteknikkar
  • kan praktiserer reglar om måling og innrekning i samsvar med god rekneskapsskikk
  • kjenner til forskjellen mellom bedriftsøkonomisk teori og finansregnskap (gjeldende rekneskapsregulering) og kan analysere kontantstraumar.
  • har inngående kunnskap om rekneskapsregler for små foretak, herunder noter

Ferdigheitar:

Studenten

  • Kan bokføre transaksjonar i eit rekneskapsprogram
  • Kan avslutte årsrekneskap for aksjeselskap, inkludert skatt og årsoppgjersdisponeringar tabellarisk og i eit årsoppgjersprogram

Generell kompetanse:

Studenten

  • Kan tileigne seg oppdatert og praktisk kunnskap innanfor rekneskap
  • Kan reflektere over årsrekneskapen sin verdi som grunnlag for avgjerder.

Krav til forkunnskapar

BØA117 Finansrekneskap med analyse eller liknande

Tilrådde forkunnskapar

BØ6-2009 Vidaregåande finansrekneskap eller liknande

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil variere mellom forelesing og oppgåveseminar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Delta på tre obligatoriske seminar som omhandlar:

- Opplæring i rekneskapsprogram

- Opplæring i årsoppgjersprogram

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen 7 dagar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel