ERV801 Effektiv respons og vurdering i norskfaget
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Respons og vurdering er ein sentral del av arbeidskvardagen for lærarar i norskfaget. Å gje respons og vurdering på ein måte som er både føremålsretta, relevant og motiverande for eleven og samstundes effektiv for læraren, stiller krav til både fagkunnskap om kva som kjenneteiknar funksjonell respons og vurdering, og eit repertoar av måtar å gje respons/vurdering på. Mange norsklærarar kjenner på arbeidspresset knytt til det å gje respons og vurdering, særleg på skriftlege tekstar.
Emnet er såleis retta mot norsklærarar i grunnskulen og vidaregåande skule som ynskjer å tileigna seg metodar for korleis dei kan gjennomføra respons på og vurdering av elevarbeid på effektive og varierte måtar. Sentralt i emnet er å presentera og diskutera respons- og vurderingsmetodar for både skriftlege og munnlege arbeid/aktivitetar av elevar med både norsk som fyrstespråk og norsk som andrespråk.
Emnet er heildigitalt og kan takast uavhengig av kvar ein bur. Undervisningsøktene er i hovudsak asynkrone, det vil seia at dei kan spelast av når studenten sjølv vil. Det er også nokre synkrone økter, det vil seia at studenten loggar seg inn på eit gitt tidspunkt for undervisning i sanntid.
Sentralt innhald i emnet er:
- Kvifor vurderer me og kvifor gjev me respons? Viktige prinsipp i vurdering for læring og funksjonell respons.
- Korleis kan me gje effektiv og funksjonell respons på skriftlege og munnlege elevarbeid med vekt på tekstskaping, det vil seia på område som innhald, kommunikasjon/formål og struktur?
- Korleis kan me gje effektiv og funksjonell respons på skriftlege og munnlege elevarbeid med vekt på språkleg framstilling, det vil seia på område som rettskriving/grammatikk og munnlege ferdigheiter?
- Kva for vurderingsmåtar kan brukast på barnetrinnet, til dømes i lærarvurdering, medelevvurdering og eigenvurdering?
- Kva for vurderingsmåtar kan brukast på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring, til dømes i lærarvurdering, medelevvurdering, eigenvurdering og karakterdempande vurdering?
- Korleis kan kunstig intelligens brukast fornuftig og etisk i respons- og vurderingsarbeid?
- Kva for prinsipp for respons på språk og framstilling kan vera særleg gunstige når elevteksten er på nynorsk som sidemål? Korleis kan me vurdera sidemålstekstar med måloppnåing og karakter?
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om dei sentrale prinsippa i vurdering for læring
- har kunnskap om ulike responsformer på skriftlege og munnlege elevarbeid på tekstskapingsområde som innhald, kommunikasjon/formål og struktur
- har kunnskap om ulike responsformer på skriftlege og munnlege elevarbeid på område som gjeld språkleg framstilling
- har kunnskap om ulike vurderingsformer som kan brukast på barnetrinnet, ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring
- har kunnskap om korleis kunstig intelligens kan brukast fornuftig og etisk i respons- og vurderingsarbeid
- har kunnskap om kvar ein finn ressursar som kan brukast i respons- og vurderingsarbeid
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruka dei sentrale prinsippa i vurdering for læring i praksis
- kan gje effektiv, nyttig og motiverande respons på skriftlege og munnlege elevarbeid på områda struktur, kommunikasjon/formål og innhald
- kan gje effektiv, nyttig og motiverande respons på skriftlege og munnlege elevarbeid når det gjeld språkleg framstilling
- kan bruka varierte vurderingsformer tilpassa barnetrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring
- kan bruka kunstig intelligens fornuftig og etisk i respons- og vurderingsarbeid
- kan finna og bruka ulike ressursar i respons- og vurderingsarbeid
Generell kompetanse
Studenten
- har styrka kunnskapen sin om respons- og vurderingsarbeid
- kan bidra til å styrka kompetansen i respons- og vurderingsarbeid på eigen arbeidsplass
- kan utvikla, leia og vurdera eige og andre sitt respons- og vurderingsarbeid
- kan forhalda seg kritisk og reflektert til korleis og kvifor me driv respons- og vurderingsarbeid
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er eit heildigitalt tilbod. Det tyder at det ikkje er fysiske samlingar. Undervisningsøktene vil i hovudsak vera asynkrone, det vil seia at dei kan spelast av når studenten sjølv vil. Men det vil òg vera synkrone økter, det vil seia at studenten loggar seg inn på eit gitt tidspunkt for undervisning i sanntid.
Dei asynkrone øktene vil vera undervisning i emnet sine sentrale tema. Dei er sette saman i tematiske modular som studentane må gjennomføra.
Dei synkrone øktene vil innehalda gruppearbeid, plenumsdiskusjonar og anna studentaktivt arbeid. Det vil vera fem slike økter à 2 timar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan gå opp til eksamen:
- Gjennomføring av alle dei asynkrone modulane i emnet og oppmøte på 4 av 5 synkrone økter.
- Prøva ut sjølvvalde former for respons og vurdering på skriftleg elevarbeid, og skriva ein individuell tekst på 1200 ord (+/- 10 %) om dette. Presisering av formelle krav kjem ved semesterstart.
- Prøva ut sjølvvalde former for respons og vurdering på munnleg elevarbeid, og dela erfaringane frå dette arbeidet munnleg i ei av synkronøktene. Presisering av formelle krav kjem ved semesterstart.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vera godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet, vil, så langt det let seg gjera innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Individuell semesteroppgåve, 3000 ord (pluss/minus 10 %). Presisering av formelle krav kjem ved semesterstart.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Det er berre mogleg å levera forbetra versjon av semesteroppgåva med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve. Det vert ikkje gjeve tilbod om rettleiing til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Sjå retningslinjer for bruk av KI som student ved HVL
Meir om hjelpemiddel