KAS511 Fordjuping i klinisk vurderingskompetanse, heilskapleg pasientforløp og rettleiing
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
I dette emnet skal studenten vidareutvikle kliniske ferdigheiter og kompetanse, og kombinere teoretisk og klinisk kunnskap som avansert klinisk allmennsjukepleiar i møtet med pasientar. Studentane skal tileigne seg fordjupa kunnskap og ferdigheiter knytte til sjukdomstilstandar, helseutfordringar, legemiddelbehandling, kartlegging og klinisk undersøking. Særleg vekt blir lagd på systematisk trening i klinisk vurdering og handlingskompetanse i møtet med komplekse og samansette helseutfordringar hos pasientar i helse- og omsorgstenestene.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne har følgjande samla læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten …
- har inngåande kunnskap om mikrobiologi, farmakologi og legemiddelbehandling
- har inngåande kunnskap om systematiske kliniske undersøkingsmetodar og standardiserte vurderingsverktøy av relevans for yrkesutøvinga og pasienten sin sosiale og kulturelle kontekst
- har inngåande kunnskap om overgangar i pasientforløpet og korleis desse kan sikrast på ein god måte
- har inngåande kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering, for å bidra til likeverdige helse- og omsorgstenester for alle grupper i samfunnet, inkludert nasjonale minoritetar og samane sine rettar som urfolk
- har inngåande kunnskap om korleis livssituasjon, livsstil, sosioøkonomiske forhold og språkleg/kulturell bakgrunn påverkar helse og sjukdom
- har inngåande kunnskap om pasientar, brukarar og pårørande sine vanlege reaksjonar og behov ved sjukdom i eit alders-, kjønns-, sosialt og fleirkulturelt perspektiv
- har inngåande kunnskap om førebyggjande og rehabiliterande sjukepleietiltak
- har inngåande kunnskap om sjukepleiefagleg palliasjon ved livsforkortande sjukdom gjennom heile sjukdomsforløpet
- har inngåande kunnskap om helsepedagogikk, inkludert ulike tilnærmingar til undervisning for pasientar og pårørande for å støtte pasientane i å ta velinformerte avgjerder og fremje meistring, funksjon og livskvalitet
- har inngåande kunnskap om korleis variasjonar i helsekompetanse påverkar ulike pasient- og brukargrupper si sjukdomsforståing, sjukdomshandtering, meistring og eigenomsorg
Ferdigheiter:
Studenten …
- kan gjennomføre systematiske, sjukepleiefagleg og klinisk relevante undersøkingar
- kan identifisere, vurdere og analysere teikn til endring i pasienten sin helsetilstand og setje i verk relevante sjukepleiefaglege tiltak
- kan analysere samansette og komplekse pasientsituasjonar for å kunne planleggje og gjennomføre heilskapleg sjukepleie, sikre naudsynt helsehjelp og foreslå oppfølgingstiltak i samarbeid med andre faggrupper
- kan bruke kartleggingsverktøy for å vurdere ressursar, helsekompetanse og grad av psykisk, fysisk og sosial meistring
- kan analysere pasientar sine levevanar, ressursar, meistringsevne og sosiale situasjon i lys av mellom anna språkleg og kulturell bakgrunn, og setje i verk tiltak for å fremje helse og førebyggje eller avgrense helsesvikt
- kan analysere og forhalde seg kritisk til kulturkompetanse og kulturforståing som omgrep i vurdering, planlegging, gjennomføring og evaluering av sjukepleie
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan nytte kunnskapar og ferdigheiter som krevst i yrkesrolla som avansert klinisk allmennsjukepleiar, ta avgjerder om og gjennomføre sjukepleietiltak, samt kunne setje i verk tiltak i samarbeid med andre
- kan hente inn spesialisert kunnskap frå relevante fagområde og tilpasse og nytte denne kunnskapen i utøvinga av yrkesrolla
- kan nytte kommunikasjons- og samhandlingsmetodar for å sikre at pasientar, brukarar og pårørande si medbestemming og autonomi blir ivaretekne i alle ledd
- kan nytte kunnskapsbaserte og helsepedagogiske metodar for å undervise og rettleie kollegaer, pasientar, brukarar og pårørande, tilpassa deira helsekompetanse, for å fremje meistring, funksjon og livskvalitet
- kan rettleie pasientar og pårørande om korleis diagnose og behandling kan påverke seksualitet, både fysisk og psykisk
Krav til forkunnskapar
Obligatorisk læringsaktiviteter i KAS501 må vere godkjent.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er samlingsbasert med digitale samlingsdagar og fysisk oppmøte på campus. I emnet er det undervisningsaktivitetar som førelesing, digital synkron og asynkron undervisning, samt studentaktive læringsformer som gruppearbeid, seminar, ferdigheitstrening og simulering.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen:
- Individuell skriftleg oppgåve (fleirsvarsoppgåve)
- Gruppeoppgåve (inntil 1500 ord) og medstudentrespons
- Individuell oppgåve (1500 ord +/- 10 %)
- Gruppeoppgåve (inntil 1500 ord) og medstudentrespons
- Obligatorisk deltaking (minst 80 %) i gruppearbeid, simuleringsøvingar og ferdigheitstrening.
Vurderingsform
Individuell praktisk eksamen med påfølgjande munnleg eksaminasjon (inntil 45 minutt).
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A - F, der A - E er bestått og F er ikkje bestått.
Ny eksamen:
Ny eksamen blir gjennomført på same måte som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel