Hopp til innhald

KAS521 Leiing, samhandling, tenesteutvikling og innovasjon

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar ulike perspektiv på leiing, samhandling, tenesteutvikling og innovasjon. Det belyser korleis styringsformer og rammer, som organisatoriske, kulturelle og strukturelle forhold i helse- og omsorgstenestene, kan påverke moglegheitene for å leie, koordinere, forbetre og innovere. Vidare ser emnet på korleis avanserte kliniske allmennsjukepleiarar kan samarbeide med ulike profesjonar, brukarar, pårørande og andre aktørar for å bidra i endringsprosessar og koordinere tenester. Etiske problemstillingar knytt til endring, mellom anna ved bruk av ny kunnskap og teknologiske løysingar, blir òg drøfta. Emnet legg vekt på aktiv deltaking frå studentane, der dei utviklar sjølvstendig evne til å analysere, identifisere og setje i verk tiltak for leiing og forbetring av tenestene. Studentane får opplæring i systematiske litteratursøk, kjeldekritikk og prinsipp for kunnskapsbasert praksis, som er integrert i arbeidet med leiing, samhandling, tenesteutvikling og innovasjon.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

  • har inngåande kunnskap om korleis styringsformer og rammer, organisatoriske, kulturelle og strukturelle forhold, kan påverke tverrsektoriell og tverrprofesjonell samhandling, koordinering av tenester og sjukepleiefagleg yrkesutøving
  • har inngåande kunnskap om ulikskap i helse, og ulikskap i tilgang til helsetenester
  • har avansert kunnskap om endringsleiing, fagutvikling, forbetring og innovasjon av tenester
  • har inngåande kunnskap om korleis ny kunnskap og innovasjonar, nye teknologiske løysingar, kan innførast og takast i bruk
  • har inngåande kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering når det gjelder rettane til samar og andre minoritetar
  • har inngåande kunnskap om forsvarleg prioritering av helsehjelp i lys av nytte, tilgjengelege ressursar og alvorsgrad
  • har brei kunnskap om metodar for systematiske litteratursøk, kjeldekritikk og prinsipp for kunnskapsbasert praksis, samt forståing for korleis desse vert anvendte i fagutvikling og forsking

Ferdigheiter:

Studenten…

  • kan anvende kunnskap systematisk for å identifisere og analysere behov for forbetring, tenesteutvikling og innovasjon innan helse- og omsorgstenestene
  • kan evaluere og vurdere konsekvensar av implementeringsarbeid, inkludert tiltak for pasientsikkerheit
  • kan identifisere og kritisk reflektere over etiske problemstillingar knyt til forbetring og tenesteutvikling
  • kan analysere og drøfte faglege problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre systematiske litteratursøk, kritisk vurdere kjelder og integrere forskingsbasert kunnskap i arbeid med leiing, samhandling, tenesteutvikling og innovasjon

Generell kompetanse:

Studenten…

  • kan anvende kunnskap om helse- og omsorgstenestene, korleis tenestene er bygd opp, organisert, kva rammer dei har, korleis dei styrast og kva lovverk som gjeld
  • kan ta i bruk kunnskap om innovasjons- og forskingsarbeid for å forbetre helse- og omsorgstenestetilbodet generelt og sjukepleietilbodet spesielt
  • kan identifisere behov for, og kritisk vurdere, utviklings- og forbetringsarbeid med utgangspunkt i fagkunnskap forskingskunnskap, brukarkunnskap og erfaringskunnskap
  • kan integrere prinsipp for kunnskapsbasert praksis i arbeid med utvikling og forbetring av tenester, kritisk reflektere over faglege og etiske utfordringar, og formidle og grunngi kunnskapsgrunnlag til ulike aktørar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

KAS501 og KAS511

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er nettbasert og vert gjennomført som ein læringssti med felles digitale samlingar, kombinert med individuelle- og gruppeoppgåver mellom samlingane. Arbeidsformene omfattar sjølvstudium, digitale førelesingar, gruppearbeid med medstudentrespons og rettleiing frå undervisar, gruppeframlegg, diskusjon og kritisk refleksjon. Oppgåver vert levert i Canvas.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Individuell prosjektskisse
  2. Gruppearbeid
  3. Tilbakemelding på medstudentar sitt arbeid.
  4. Gruppeframlegg
  5. Endelig innlevering av individuell prosjektskisse, om lag 1500 ord, i Canvas.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er integrert i læringsstien og vert gjennomført trinnvis. Studentane arbeider både individuelt og i faste grupper, delar erfaringar, knyter desse til teori og aktuell forsking, og gir tilbakemeldingar undervegs. Prosessen avsluttast med ei individuell innlevering i Canvas.

Vurderingsform

Individuell skriftleg oppgåve med eit omfang på 4 500 ord +/- 10 %.

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A-F, der A-E er bestått og F er ikkje bestått.

Ny eksamen

Ved ikkje bestått eksamen kan studenten levere ei revidert oppgåve til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel