Hopp til innhald

LEI304 Landmålarfagleg praksis

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Studentane skal gjennom utplassering i relevant landmålingsverksemd få praktisk erfaring frå arbeidslivet. Praksisperioden gir innsikt i arbeidsoppgåver, metodar, organisering og profesjonell rolle i landmåling. Studentane må sjølv finne praksisplass. Denne skal godkjennast av emneansvarleg før kandidaten set i gang med faget. Det skal inngåast skriftleg kontrakt mellom studenten, HVL og praksisbedrifta. HVL dekkjer ikkje eventuelle ekstra bu- og reisekostnadar for praksisperioden då studentane sjølve avtalar praksisstad.

I praksisperioden skal studenten delta aktivt i arbeidsoppgåver som er relevante for landmålarfaget, og rapportere skriftleg og munnleg til kontaktperson ved HVL. Praksisperioden skal utgjere minimum 4 veker eller på anna vis bidra til at totalbruken på emnet vert 270 arbeidstimar, inkl. forarbeid, rapportering, møter og presentasjonar.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

Kunnskap

  • Kjenne til organisering, arbeidsoppgåver og arbeidsmetodar i ei verksemd som utfører landmålaroppgåver.
  • Ha kunnskap om for sentrale lover, reglar og HMS-krav i landmåling.
  • Ha innsikt i profesjonsetikk og arbeidslivets forventningar til landmålarar.

Ferdigheiter

  • Presentere seg for ein potensiell arbeidsgivar gjennom jobbsøknad, CV og intervju.
  • Løyse tildelte arbeidsoppgåver i praksisperioden, og bruke relevante faglege metodar og verktøy.
  • Kommunisere og samarbeide med kollegaer og andre involverte partar i praksisbedrifta.
  • Dokumentere og presentere utført arbeid skriftleg og munnleg.

Generell kompetanse

  • Reflektere over eiga rolle, kunnskap og læring i profesjonell praksis.
  • Innordne seg etter krav og forventinger i arbeidslivet.
  • Vise forståing for betydninga av kvalitet, etikk og HMS i landmåling.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Minst 80 studiepoeng i landmålarutdanninga.

Undervisnings- og læringsformer

  • Individuell utplassering i praksis i arbeidslivet.
  • Obligatoriske samlingar før og etter praksis.
  • Eigenaktivitet: rapportering, dagbok/logg og presentasjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking på samlingar.
  • Godkjent praksisavtale og gjennomført praksisperiode.
  • Munnleg sluttpresentasjon

Vurderingsform

Mappevurdering som består av:

  • Løpande logg/dagbok
  • Statusrapport midtvegs
  • Sluttrapport etter praksis
  • Timelister signert av kontaktperson
  • Skriftlig tilbakemelding frå praksisbedrift
  • Utarbeida stillingsbeskrivelse for arbeidet som er utført

Bestått/ikkje bestått. Alle delar må vere godkjent for å få bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler tillatt

Meir om hjelpemiddel