LUPEKP500 Praksis 5.år kroppsøving og idrettsfag
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Praksis er ein integrert del av faga i utdanninga og skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving. Fagval, innretning og tematikk i masteroppgåva kan vere førande for val av prakisstad og praksisinnhald.
Praksisen skal føregå på hausten i 9.semester, totalt 10 arbeidsdagar. Praksis kan vere i grunnskule, vidaregåande eller andre relevante praksisarenaar.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- Har inngåande kunnskap om læraren sin rolle, rettigheiter, og plikter og om lærearbeidet på organisasjonsnivå, og om læraren sitt ansvar ovanfor elev, heim og profesjonsfellesskap
- har inngåande kunnskap om FoU-arbeid i skulen
Ferdigheiter
Studenten
- kunne rettleie i kollegafellesskap
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere FoU-arbeid knytt til praksis
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
- kan vurdere og kommunisere dei praktiske og estetiske faga sin rolle i skulen og samfunnet
Krav til forkunnskapar
- LUPEKP100 Praksis 1.år kroppsøving og idrettsfag
- LUPEKP200 Praksis 2.år kroppsøving og idrettsfag
- LUPEKP300 Praksis 3.år kroppsøving og idrettsfag
- LUPEKP400 Praksis 4.år kroppsøving og idrettsfag
Undervisnings- og læringsformer
Praksis.
Undervisnings- og læringsformer vil vere avhengig av fagval, innretning og tematikk i masteroppgåva.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjent for at praksisemnet kan registrerast som bestått:
- Presentasjon av vitskapeleg artikkel med ein profesjonsrelevant problemstilling og leie ein påfølgjande diskusjon i profesjonsfellesskapet.
Nærare retningslinjer gis ved semesterstart.
Dersom den obligatoriske læringsoppgåve blir vurdert som ikkje godkjent, skal studenten få skriftleg tilbakemelding om dette med grunngjeving og tilbod om å rette opp feil og manglar (éin gong). Dato for nytt forsøk må være innan dei fastsette fristane i det gjeldande semesteret.
Vurderingsform
Praksis, 10 dagar.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Dersom ein student blir vurdert til ikkje bestått har vedkommande rett til eit (1) nytt forsøk, jf. Forskrift om studiar og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet. Forenkla sluttvurdering blir gitt etter at praksisperioden er gjennomført. For øvrige reglar og rutinar sjå retningslinjer for praksisstudiet i utdanninga.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel