LUPEM404 Improvisasjon
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Faglæraren i musikk må kunne arbeide med musikk som opplevings- og uttrykksmiddel i kunstnarisk og pedagogisk samanheng og for å oppfylle desse krava må læraren ha eit høgt utøvarnivå på hovudinstrumentet sitt og syne evne til å innrette seg og ta initiativ i samspel. I arbeidet fram mot den avsluttande eksamen i hovudinstrument vert det lagt vekt på at kandidaten vidareutviklar dei tekniske og handverksmessige sidene ved det å spele eit instrument, samstundes som at det er eit krav om at kandidaten skal finne sitt uttrykk og sin stil.
Improvisasjon omfattar ei rekkje metodar, teknikkar og stilartar, der ein kan velja å fokusera på improvisasjon i ulik skala; variasjon, ornamentering, til fri improvisasjon og inkludering av det fleirfaglege, intuisjon og tilfeldigheiter som oppstår. Med utgangspunkt i studenten sine kunnskapar og ferdigheiter, dannar dette bakteppe for korleis kandidaten reagerer i ein improvisatorisk kontekst.
Kunstnarleg improvisasjon er eit allereie definert omgrep. Emnet tek sikte på å overføre denne kunnskapen til ein didaktisk situasjon. På ein undervisningsarena må studenten vera årvaken, i stand til å differensiera og visa rom for endring der det er nødvendig. Gjennom arbeidet med improvisatoriske verkemidlar blir det lagt vekt på å knytte den musikkfaglege kompetansen saman med didaktisk refleksjon og formidling. Emnet freistar også å trekke linjer til tidlegare tema og fag.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om og god kjennskap til variasjonsteknikkar, ulik stilfordjuping og eksperimentering med materiale
- har inngåande kunnskap om kreative og estetiske læreprosessar
- har inngåande kunnskap om grunnleggande metodikk knytt til anvendt improvisasjon
Ferdigheiter
Studenten
- har improvisatoriske ferdigheiter og kan nytte kreative og sjølvstendige arbeidsmåtar, inkludert improvisasjon i solo og samspel
- viser evne til å lytte, ta initiativ, tilpasse seg sine medmusikantar og fylle sitt rom i eit ensemble
- er ein god utøvar på sitt instrument slik at hen kan nytte dette på ein skapande metodisk og analytisk måte i undervisning og formidling både åleine og i samspel med andre
- kan bruke relevante metodar med tekniske og kunstnariske problemstillingar slik at dei er i stand til å innstudere, framføre og formidle musikk på eit høgt nivå
- viser intuisjon og kreativitet
Generell kompetanse
Studenten
- kan anvende ulike arbeidsmåtar i forbindelse med utøvande aktivitetar, og viser evne til å ta initiativ i ulike samanhengar der improvisasjon, innøving og formidling av musikk er i fokus
- kan anvende relevante verkty for improvisasjon
- kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter i praksis og kan sjå dette i samanheng med andre fagområde
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
LUPEM102 Musikerskap I, LUPEM104 Musikerskap II, LUPEM201 Ensemble, LIPEM203 Ledelse I og LUPEM402 Ledelse II
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformene i emnet vil knytte seg til speletimar, samspelprosjekt, seminar, workshops, eigenøving og framføring i ulike samanhengar, som stilfordjuping, didaktisk og instrumental improvisasjon, estetiske læreprosessar, innstudering og musikkformidling. Emnet legg dessutan opp til studentaktive læringsformer og forskingsbasert undervisning.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Aktiv deltaking i undervisningsaktivitetar. Dette kan koplast mot læringsaktiviteten der studenten kan anvende ulike arbeidsmåtar i samband med utøvande aktivitetar, og viser evne til å ta initiativ i ulike samanhengar der improvisasjon, innøving og formidling står sentralt. Det vert óg lagt vekt på gjennomføring av pålagte praktiske, skriftlege og munnlege oppgåver
- 80 % frammøte på aktivitetar
- Ei improvisasjonsframføring av utøvande eller didaktisk art der ramme for arbeidet er grunnleggande metodikk knytt til anvendt improvisasjon
- Konsertarrangement: for å vise at studenten kan anvende ulike arbeidsmåtar i forbindelse med utøvande aktivitetar, skal studenten arrangere ein konsert som er tilrettelagt til rommet, utøvarane og publikum. Fagleg ramme for konserten er tekniske og kunstnariske problemstillingar. Studenten skal reflektere rundt konserten i skriftleg form for å vise kunnskap i improvisatoriske ferdigheiter knytt til kreative og sjølvstendige arbeidsmåtar
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Nærare retningslinjer for læringsaktivitetane vert gitt ved semesterstart.
Vurderingsform
Individuell praktisk eksamen. Tid: 45 minutt.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel