MS1-326 Samhandling, tenesteutvikling og innovasjon
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet handlar om ulike perspektiv på samhandling, tenesteutvikling og innovasjon. Det belyser korleis organisatoriske forhold og strukturar i velferdssamfunnet påverkar samhandling, tenesteutvikling og innovasjon. I innovasjons- og samskapingsprosessar står tverrprofesjonalitet og endringsleiing sentralt. Emnet vil difor fokusere på korleis ulike aktørar saman utviklar og samproduserer kunnskap og tenester. Vidare fokuserer emnet på etikk i innovasjons- og samskapingsprosessar der ulike interessentar er involverte. Emnet vektlegg aktiv deltaking frå studentane. Dei skal utvikle sjølvstendig evne til å analysere, identifisere og iverksette tiltak for å utvikle, innovere og forbetre helse- og sosialtenester. Studentane får opplæring i systematiske litteratursøk, kjeldekritikk og prinsipp for kunnskapsbasert praksis, som vert integrert i arbeidet med samhandling, tenesteutvikling og innovasjon.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbyte definerte i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
• har inngåande kunnskap om ulike perspektiv på samhandling, tenesteutvikling og innovasjon
• har inngåande kunnskap om korleis organisatoriske og strukturelle forhold påverkar samhandling, tenesteutvikling og innovasjon
• har avansert kunnskap om korleis maktforhold på ulike nivå påverkar samhandling, tenesteutvikling og innovasjon
• har avansert kunnskap om endringsleiing og fasilitering av samskapingsprosessar
• har inngåande kunnskap om metodar for systematiske litteratursøk, kjeldekritikk og prinsipp for kunnskapsbasert praksis, samt forståing for korleis desse vert anvendt i fagutvikling og forsking
Ferdigheiter
Studenten…
• kan kritisk vurdere behovet for innovasjon og tenesteutvikling, skissere og sette i verk relevante tiltak
• kan analysere og kritisk reflektere over aktuelle etiske problemstillingar i samskapingsprosessar der ulike interessentar inngår
• kan bruke kunnskap om fleirfagleg samarbeid på tvers av fag- og tenestgrenser for å forbetre tenestene og sette i verk innovasjon
• kan planlegge og gjennomføre systematiske litteratursøk, kritisk vurdere kjelder og integrere forskingsbasert kunnskap i arbeidet med samhandling, tenesteutvikling og innovasjon
Generell kompetanse:
Studenten …
• kan bidra til samskaping og samproduksjon i helse- og sosialtenesta med reell deltaking for brukarar og pasientar
• kan analysere behovet for innovasjon og forbetring av tenester på individ- og systemnivå
• kan sette i verk forbetringsarbeid og innovasjon i helse- og sosialtenesta
• kan integrere prinsipp for kunnskapsbasert praksis i arbeidet med utvikling og forbetring av tenester
• kan kritisk reflektere over faglege og etiske utfordringar
• kan formidle kunnskapsgrunnlag til ulike aktørar og setje i verk forbetringsarbeid og innovasjon i helse- og sosialtenesta
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er nettbasert og vert gjennomført som ein læringssti med felles digitale samlingar, kombinert med individuelle oppgåver og gruppeoppgåver mellom samlingane. Arbeidsformene omfattar sjølvstudium, digitale førelesningar, gruppearbeid med medstudentrespons og rettleiing frå undervisar, gruppeframlegg, diskusjon og kritisk refleksjon. Oppgåver leverast i Canvas.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen:
- Individuell prosjektskisse
- Gruppearbeid
- Tilbakemelding på medstudentar sitt arbeid
- Gruppeframlegg
- Endeleg innlevering av individuell prosjektskisse, om lag 1500 ord, i Canvas
Dei obligatoriske læringsaktiviteter er integrerte i læringsstien og vert gjennomførte trinnvis. Studentane arbeider både individuelt og i faste grupper, deler erfaringar, knyter desse til teori og aktuell forsking, og gir tilbakemeldingar undervegs.
Vurderingsform
Individuell skriftleg oppgåve med eit omfang på 4 500 ord +/- 10 %.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A-F, der A-E er bestått og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen kan studenten levere ei revidert oppgåve til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillatne.
Meir om hjelpemiddel