Hopp til innhald

MTE801 Multimodale tekstar i engelskfaget

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Multimodale tekstar - som bildebøker, grafiske romanar og andre bilderike forteljingar - er sentrale i mange born sine leseopplevingar og er i ferd med å bli viktige verktøy i lese- og skriveundervising i dag. Sidan desse tekstane formidlar meining annleis enn tradisjonell trykt tekst, tilbyr dei spennande moglegheiter for undervising, og nye utfordringar for analyse.

I dette emnet vil du styrke dei visuelle leseferdigheitene dine og lære korleis tekst og bilde fungerar saman for å forme narrativ, karakter og tema. Du vil utforske dei unike litterære eigenskapane til multimodale tekstar, og få praktiske strategier for å bruke dei til å engasjere elevar, støtte forståing og vekke kritisk tenking.

Dette emnet er utforma med tanke på lærarar, og legg vekt på praktisk bruk i klasserommet. Du vil studere eit bredt spekter av multimodale ressursar og oppdage korleis dei kan utvide elevane sine tolkingsevner og opne dører for kreativ og meiningsfull læring.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

  • ha kunnskap om ulike typar av multimodale tekstar og deira kjenneteikn
  • ha kunnskap om visuell literacy og kritisk literacy
  • ha kunnskap om verktøy og metodar for å gjennomføre ei vellykka analyse av multimodale tekstar
  • ha kunnskap om potensialet til multimodale tekstar i klasserommet
  • ha kunnskap om korleis designe og lage multimodale tekstar, ved å bruke digitale verktøy
  • ha kunnskap om terminologi knytt til multimodale tekstar

Ferdigheiter

  • kan identifisere ulike typar multimodale tekstar og deira kjenneteikn
  • kan kritisk vurdere multimodal litteratur
  • kan diskutere kritisk og visuell literacy ved å bruke passande terminologi

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og utføre individuelle oppgåver i samsvar med etiske krav og prinsipp, og artikulere ideer og standpunkt både munnleg og skriftleg
  • kan kommunisere på engelsk, både skriftleg og munnleg, i samsvar med tema, kontekst og mottakar
  • har evna til å arbeide sjølvstendig og saman med andre for å legge til rette for elevane si læring og utvikling
  • har evna til å oppretthalde og utvikle sin eigen språklege og didaktiske kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar frå vidaregåande skule.

Undervisnings- og læringsformer

Dette er eit heildigitalt emne. Det tyder at det ikkje er fysiske samlingar. Undervisingsøktene er i hovudsak asynkrone, det vil seie at dei kan spelast av når studenten sjølv vil. Nokre økter som inneheld diskusjonar, samarbeid og studentaktivitetar er synkrone. Læringsaktivitetar i emnet er førelesingar, digitale læringsressursar, skriftlege og munnlege oppgåver, rettleiing og studentorganiserte kollokvier, i tillegg til sjølvstudium.

Emnet består av fem modular. Kvar modul har ei synkron læringsøkt, pluss to til tre asynkrone læringsøkter. Det er tre arbeidsoppgåver i kvar modul, ei 'pre-class' oppgåve som ber om at studenten førebur stoff til diskusjon i den synkrone økta; ei oppgåve i diskusjonsforumet som krev at studenten samhandlar; korte quizar der nøkkelomgrep blir testa.

Emnet krev at studenten arbeider systematisk med lesing og oppgåver, og aktivt tar del i læringsaktivitetene. Engelsk er både målspråket og arbeidsspråket, og alle læringsaktivitetane er på engelsk. Dette fører til verdifull praktisering av språket, og gjennom aktiv involvering i læringsaktivitetane, blir studenten i stand til å utvikle både språkkompetanse og kunnskap om emneinnhaldet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar som må vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen:

  1. Lage ein digital multimodal tekst.
  2. Skrive eit essay som testar studenten si evne til å analysere multimodal litteratur.
  3. Skrive eit utkast til 'Teaching Multimodal Literature Project', der studenten må planlegge, utføre og evaluere ei klasseromsøkt, og utveksle refleksjonar med kollegaene sine.
  4. Obligatorisk oppmøte på 80 % av dei synkrone øktene i emnet (om studentar ikkje kan delta, kan dei likevel få godkjent om dei leverer ei oppgåve som viser at dei meistrar fagstoffet).

Nokre av dei obligatoriske læringsaktivitetane krev tilgong til ein klasse i engelsk.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende seinast 2 veker før eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert til ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det lar seg gjere, innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Retningslinjer for obligatoriske læringsaktivitetar, inkludert bruk av KI verktøy, vil bli gitt i emnet.

Vurderingsform

Mappeeksamen som består av ferdige versjonar av obligatoriske læringsaktivitetar 1, 2 og 3. På denne måten blir studentane sin kjennskap til formen til multimodal litteratur testa, samt om studentane er i stand til å analysere temaet i skriftleg form, og å bruke denne kunnskapen til å utvikle effektive klasseromsaktivitetar.

Karakterskala: A - F, der F er ikkje bestått.

Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.

Vurderinga er i tråd med kompetansemåla. Dei vurderer om studenten:

  • har kunnskap om korleis ein utformar og lagar ein multimodal tekst ved bruk av digitale verktøy
  • har kunnskap om verktøy og metodar for å lage ein suksessfull kritisk analyse av multimodale tekstar
  • har kunnskap om potensialet til multimodale tekstar i klasserommet
  • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å legge til rette for elevane si læring og utvikling

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Studentar må lese desse sidene om bruk av KI i akademisk arbeid ved HVL: Korleis bruke KI som student - Høgskulen på Vestlandet og Retningslinjer om fusk - Høgskulen på Vestlandet

Meir om hjelpemiddel