Hopp til innhald

PL433 Innføring i arealplanlegging

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Planlegging er verktøy for samfunnsendring, og skal bidra til berekraftig utvikling, samordning mellom forvaltningsnivå og avvegingar mellom bruk- og verneinteresser. Emnet gir ei innføring i arealplanlegging etter plan- og bygningslova, med vekt på å kunne forstå korleis ulike interesser vert avvega i planprosessar og korleis planar er verktøy for offentleg styring av arealbruk.

Innhaldet i emnet omfattar:

  • Politiske målsettingar og lovgrunnlag for planlegginga
  • Krav til innhald og prosess for kommuneplanen sin arealdel (KPA) og reguleringsplanar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal ha grunnleggande kunnskap om:

  • plansystemet og arealplanlegginga si rolle som verktøy for samfunnsendring.
  • korleis planar styrer arealbruk og set rammer for private tiltak
  • krava til planinnhald, planprosessar og utgreiingar for ulike plannivå.
  • sentrale problemstillingar i både kommunal og privat reguleringsplanlegging.

Ferdigheiter

Studenten skal:

  • kunne avklare planstatus og forstå innhaldet i gjeldande planar, og kunne tolke korleis dette påverker bruken av ein eigedom eller eit område
  • kunne forklare sentrale begrep innanfor emnet
  • kunne finne kunnskapsgrunnlag og gjennomføre overordna analyser for å kunne lage faglege innspel til planprosessar.
  • kunne forstå ROS-analyse og konsekvensutgreiingar på kommuneplannivå.

Generell kompetanse

Studenten skal:

  • kunne lese eit kart for å forstå innhaldet i ein plan
  • kunne delta i planprosessar.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen krav til forkunnskap

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og øvingsoppgåver

Obligatorisk læringsaktivitet

Gruppeoppgåve (med to til tre i gruppa). Studentane skal hente ut og tolke informasjon frå planar og planprosessar for eit sjølvvald studieområde og gjere enkle analyser.

Godkjent arbeidskrav er ein føresetnad for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Karakterskala: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • PL417 - Arealplanlegging - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • PL418 - Reguleringsplanlegging - Reduksjon: 4 studiepoeng