PSBU850 Sentrale perspektiv i arbeid med barn og unge
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet gir innføring i sentrale perspektiv på barn og unge si utvikling, psykiske helse, livskvalitet og meistring. Studentane skal i emnet nytta erfaringar frå eigen arbeidstilknyting i læringsaktivitetar og oppgåver. Sentrale perspektiv i undervisninga vil være sosiale relasjonar, kulturelt og sosialt mangfald, barn si rolle og rettar. Refleksjon om profesjonell praksis, haldningar og verdiar er sentralt i emnets læringsmål.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
• har avansert kunnskap om sentrale perspektiv på barn og unge si utvikling, psykiske helse, livskvalitet og meistring
• har avansert kunnskap om sosiale relasjonar si betydning i psykososialt arbeid og i møte med barn og unge, familie, venner og nærmiljø
• har inngåande kunnskap om korleis kultur, språk, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, kjønn og kjønnsidentitet, seksuell orientering og sosioøkonomiske forhold påverkar barn og unge sin livssituasjon og psykososialt arbeid
• har inngåande kunnskap om barn og unge si medverknad som gjennomgåande perspektiv i arbeid med barn og unge
• har inngåande kunnskap om det vitskaplege grunnlaget for sentrale perspektiv på barn og unge si utvikling, og forstår korleis forskingskunnskap, praksiskunnskap og erfaringar frå barn, unge og familiar kan vurderast og integrerast
Ferdigheiter:
Studenten…
• kan analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innan psykososialt arbeid, og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
• kan reflektere over og gjere greie for korleis strukturelle og samfunnsmessige faktorar som til dømes fattigdom, bustad, diskriminering, tilgjenge til tenester, påverkar barn og unges psykososiale livssituasjon, og anvende dette til å strukturere og formulere faglege resonnement
• kan tilpasse kommunikasjon og samhandling slik at barn sine stemmer vert høyrde og integrerte i kartlegging, vurdering og tiltak på ein måte som fremjar tryggleik og kulturell sensitivitet
Generell kompetanse:
Studenten…
• kan anvende kunnskap og ferdigheiter frå sentrale perspektiv til å gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt på individ-, gruppe-, system- og samfunnsnivå
• kan kommunisere om sentrale perspektiv i psykososialt arbeid med barn og unge, familiar og nettverk, tenester og samarbeidspartnarar
• kan reflektere kritisk over eige profesjonelt ståstad, haldningar, verdiar og maktposisjon i møte med barn og unge, og ivareta deira rettar
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet kombinerer ein fysisk og digital undervisning. Det vert nytta forelesningar og studentaktive læringsmetodar som gruppeoppgåver, omvendt undervisning og praksisnære oppgåver. Yrkeserfaringa til studentane vert aktivt integrert gjennom case-arbeid. Det er i tverrfaglege rettleiingsgrupper i kvar samlingsveke.
Det blir forventa at studentane samarbeider og driv sjølvstudium mellom samlingane.
Normal arbeidsinnsats for dette emnet på deltid er 20 timer per veke i gjennomsnitt.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen:
1. 75% obligatorisk oppmøte til undervisning.
2. 100% oppmøte i rettleiingsgrupper.
3. Individuelt refleksjonsnotat omfang ca. 1000 ord.
4. Ei gruppeoppgåve med utgangspunkt i eit case. Omfang; 3000 ord (+/-10 %). Det tilbys to rettleiingar på gruppeoppgåva, der ei rettleiing er obligatorisk.
Vurderingsform
Oppgåve
Individuell oppgåve, 2500 ord (+ - 10%). Det gis inntil ein time rettleiing på denne.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er greidd karakterar og F er ikkje greidd.
Ny eksamen
Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddel