Hopp til innhald

RUT801 Rektorutdanning - utdanningsleiing

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Studiet er på masternivå og har eit innhald som er bygd opp rundt følgjande temaområde:

  • Elevane sitt læringsmiljø, analyse og bruk av ulike typar data for å utvikle skulen
  • Utvikling av profesjonsfellesskap, leiing, samarbeid og læring, tilbakemeldingar og systemisk arbeid
  • Styring og administrasjon, systemkunnskap, handlingsrom og styringsrett for leiarar
  • Utvikling og endring, leiing av innovasjons- og endringsprosessar
  • Eiga leiarrolle og samspel med andre

Studiet består av to hovudsøyler: Den eine søyla handlar om utvikling av studenten som leiar, den andre om utvikling av skulen som organisasjon. Dei to søylene er gjennomgåande i studiet, og som leiar og student vil du møte dei ulike temaområda med desse som utgangspunkt.

Studiet har vidare som mål å anerkjenne og kombinere to kunnskapsformer: den erfaringsbaserte kunnskapen studenten som skuleleiar har med seg frå eigen praksis, og den teoretiske kunnskapen som vil hjelpe studenten med å setje eigne erfaringar og perspektiv inn i ein teoretisk samanheng.

Læringsutbytte

Rektorutdanninga skal gi god rolleforståing for leiing og for det å leie skular. Ho skal gi kompetanse i å leie skuleutvikling og gi eit grunnlag for vidare læring og utvikling som leiar.

Eit sentralt element er at opplæringa skal føre til at alle i skuleorganisasjonen opplever læring og utvikling saman. Utdanninga skal føre til reell endring i skulen, noko som inneber å utvikle kunnskap om kultur og endring i skulen. Dette inneber at utdanninga skal utfordre synet på leiing og på korleis leiing kan utøvast når alle skal bidra til at læring og utvikling blir ein kollektiv profesjonsutviklingsprosess i skulen. Studiet vil bidra til å styrkje leiarkompetansen til studentane, som grunnlag for å utvikle ein skule som tek vare på interessene, rettane og behova til elevar, foreldre, lærarar og samfunnet.

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om ulike teoriar om leiing og korleis krav og forventningar til leiarar og medarbeidarar varierer med val av perspektiv
  • har kunnskap om leiing på ulike nivå og i ulike funksjonar
  • har kunnskap om lov og rett, administrasjon og styring
  • har kunnskap om kommunikasjon og konflikthandtering
  • har kunnskap om skulekultur og om skulen som lærande organisasjon og lærande system
  • har kunnskap om leiing av endringsprosessar og kvalitetstenking
  • har kunnskap om utdanningssystem i Norge og i andre land
  • har kunnskap om korleis ein kan vidareutvikle seg som leiar, og om etisk og klokt leiarskap
  • har kunnskap om profesjonsutvikling i skulen

Ferdigheiter

Studenten

  • kan identifisere og reflektere over sterke og svake sider ved seg sjølv som leiar, og arbeide vidare med utfordringar som ein står ovanfor som leiar i skulen
  • kan analysere og reflektere over eigen leiingspraksis i lys av intersubjektive diskursar
  • kan planlegge, reflektere og grunngje val av leiingspraksis
  • kan planlegge, reflektere og grunngje korleis ein leier gjennom relasjonsbygging, struktur, reglar og rutinar, tydelege forventningar og motivering
  • kan forhalde seg til kriser og konfliktar på ein konstruktiv og relasjonsfremmande måte
  • kan bruke kvalitetsverktøy til analyse og utvikling av læringsaktivitetar
  • kan nytte ulike leiarutviklingsverktøy og reflektere over sterke og svake sider ved desse
  • kan leie profesjonsutvikling i skulen

Generell kompetanse

Studenten

  • har ei bevisst haldning til god sjølvinnsikt og etisk merksemd retta mot eigne handlingar som leiar
  • har refleksiv haldning til forholdet mellom lærar- og leiaridentitetar
  • har ei bevisst haldning til korleis skape kollektive læringsprosessar
  • har ei pådrivarrolle i høve til systematisk og målretta utvikling av ein god skule på elev-, kollega- og organisasjonsnivå
  • har evne til å analysere skulen sine utfordringar og evne til å planlegge nye tiltak i eit samfunns- og organisasjonsperspektiv
  • har evne til å identifisere og forhalde seg på ein reflektert måte til etiske utfordringar i mellommenneskelege relasjonar
  • har innsikt i korleis arbeid med forhold som skaper motstand, krise og konfliktar i yrkessamanheng

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga er nært knytt til skuleleiar sine daglege oppgåver og funksjonar, og straumen av nye utfordringar som skal løysast ad hoc. På samlingane i studiet vekslar vi mellom plenumsførelesingar, arbeid i basisgrupper og par som jobbar saman, med mål om å knyte praksiserfaringar og teori saman. Mellom samlingane skal studenten prøve ut konkrete leiarhandlingar og bringa erfaringane frå utprøvingane tilbake til studentgruppa. Mellom samlingane er det òg tid for litteraturstudiar og tekstskriving.

Gjennom studiet skal studenten gjennomføre eit endrings-/utviklingsarbeid på eigen skule/verksemd. Dette arbeidet dannar utgangspunktet både for dei obligatoriske læringsaktivitetane, og for eksamensteksten som studenten skal arbeide med gjennom heile studiet. I eksamensteksten skal studenten synleggjere eigen utvikling og kompetanse i å leie endrings- og utviklingsprosessar i eigen organisasjon. Undervegs i arbeidet med eksamensoppgåva får studentane tilbod om skriftleg og munnleg rettleiing.

Studiet er samlingsbasert, med 7 samlingar à 2-3 dagar, over tre semester.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det skal gjennomførast og leverast fem individuelle obligatoriske læringsaktivitetar i tilknyting til samlingane, knytt til tema og eigen praksis. Konkretisering av dei obligatoriske læringsaktivitetane kjem ved studiestart.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Mappeeksamen.

Eksamensoppgåva skal ta utgangspunkt i leiing av eit endrings-/utviklingsarbeid gjennomført ved eigen skule/verksemd i løpet av studiet. Teksten skal handle om korleis skuleleiarane arbeider med eigen, profesjonsfellesskapet og skulen sin faglege utvikling, og erfarte leiarutfordringar knytt til dette. I oppgåva skal den erfaringsbaserte kunnskapen frå arbeidet med utviklingsprosjektet knytast saman med teoretisk kunnskap om leiing og utvikling av organisasjonar. Arbeidet med teksten skal bidra til refleksjon og systematisk argumentasjon som grunnlag for å styrkje eiga utøving av leiarrolla.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA3-304 - Rektorutdanning - utdanningsleiing - Reduksjon: 30 studiepoeng