SA523 Bacheloroppgåve i historie
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Studenten skal forme ut ei avgrensa problemstilling med utgangspunkt anten i 1) eit lokal- eller regionalhistorisk emne frå eldre eller nyare tid, 2) eit didaktisk emne som kan vere knytt til skulefaget historie/samfunnsfag eller annan historiebruk i samfunnet, 3) museums-/arkivverksemd, eller 4) eit nasjonalt eller internasjonalt perspektiv.
Oppgåva skal vere utforma etter ei problemstilling laga av studenten i samråd med faglærar. Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten ...
- har god kunnskap i historisk metode
- har inngåande kunnskap om eit avgrensa historisk tema
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde
Ferdigheiter
Studenten...
- kan forme ut og arbeide med ei historiefagleg problemstilling
- kan finne fram til og arbeide med ulike typar kjeldemateriale
- kan søkje fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar
- kan meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk
Generell kompetanse
Studenten..
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsarbeid som oppfyller historievitskaplege teoretiske og metodiske krav til kjeldeinnhenting, analyse og kontekstualisering, dokumentasjon og framstillingsform
Krav til forkunnskapar
1) Avlagd eksamen i alle emna av første året av bachelor i historie eller årsstudium i historie.
2) Avlagd eksamen i SA606 og minst eitt av fordjupingsemne i historie (SA572, SA604, SA608, SA609, SA610, SA611, SA612, SA613, SA614, SA615 eller tilsvarande).
Undervisnings- og læringsformer
Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på ca. 7500 ord. Det blir gjeve rettleiing av faglærar og halde oppstartseminar. I tillegg kan det vere aktuelt med anna seminarundervisning.
Nettstudentar deltek på videokonferanse.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten skal tidleg i emnet levere inn ei skisse for bacheloroppgåve med tema og tentativ problemstilling, samt forslag til kjelder og litteratur. Det er mogleg å endre tema etter at skissa er levert og godkjend, men da må ny skisse leggjest fram til godkjenning.
Vurderingsform
Det er to deleksamenar på emnet:
1) Bacheloroppgåve (ca 7500 ord).
2) Munnleg eksamen (30 minutt)
Oppgåva må vere sensurert med ein førebels greidd karakter for at studenten skal kunne gå opp til munnleg eksamen. Studenten kan få vite førebels karakter på bacheloroppgåva før munnleg om han/ho ønskjer det. Endeleg karakter vert gitt etter munnleg. Skriftleg karakter er vekta med 70 % og munnleg karakter med 30 % i den samla karakteren, men begge må vere greidd. Ved ikkje greidd karakter etter munnleg må eksamen takast opp att.
Ved stryk på det skriftlege arbeidet (kontinuasjon): Kandidaten leverer ein forbetra versjon av bacheloroppgåva og får tilbod om ein time rettleiing. Ved stryk på andre forsøk, må oppgåve med ny problemstilling leverast.
Ved stryk på munnleg eksamen: Studenten må gå opp til ny munnleg eksamen.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Bacheloroppgåva: alle hjelpemiddel.
Munnleg eksamen: si eiga bacheloroppgåve.
Meir om hjelpemiddel