SA6-503 Utdanningspolitikk
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje innsikt i og forståing for utdanningspolitiske spørsmål og utfordringar. Emnet gir ei innføring i offentleg politikk, forvaltninga si rolle i politikken, og kva som skil politikaren frå den faglege eksperten. Ein går også inn på samhandling og samarbeid mellom sektorar og ulike forvaltningsnivå, samt leiarrolla, profesjonsrolla og brukarrolla i velferdsstaten.
Læringsutbytte
Emnet skal bidra til at studenten oppnår følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
- har inngåande kunnskap om politikk og forvaltning, spesielt innanfor utdanningssektoren
- har inngåande kunnskap om samhandlings- og samarbeidsutfordringar mellom tenester på same nivå, og mellom organisasjonar på ulike nivå.
- har avansert kunnskap om profesjonsrolla, leiarrolla og brukarrolla i utdanningssektoren
Ferdigheiter:
- kan bruke teori til å analysere utviklingstrekk i utdanningssektoren, og kan drøfte korleis desse påverkar konteksten for leiing, profesjonsutøving, og samhandling med brukarar
- kan gjennomføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid som har aktiv bruk av teori og forsking frå kunnskapsfeltet.
Generell kompetanse:
- kan forstå og analysere utdanningspolitikk som ramme for leiing og profesjonsutøving,
- er i stand til å bruke teori og kunnskap frå fagfeltet for å reflektere og kommunisere med både fagfolk og ålmenta om generelle utfordringar for sektoren og om dagleg praksis i eigen organisasjon.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesning, gruppearbeid. Rettleiing av skriftleg tekst til semesteroppgåve.
Obligatorisk læringsaktivitet
To korte læringsnotat (800 - 1200 ord) utarbeidde mellom samlingane.
Artikkelseminar: Arbeide i gruppe med felles artikkel som og leggje denne fram på artikkelseminar
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Ved oppstart blir det gitt nærare informasjon om innhald og krav til arbeidskravet.
Vurderingsform
Semesteroppgåve som handlar om utdanningspolitiske spørsmål eller utfordringar, og der studenten nyttar relevante teoriar og omgrep frå emnet. Oppgåva kan løysast individuelt eller i grupper på inntil to studentar. Ved individuell oppgåveløysing er omfanget 4000 ord. Dersom to skriv oppgåve i lag, er omfanget 6000 ord.
Ved oppstart av emnet vil det bli gitt nærare informasjon om krav til semesteroppgåva
Bokstavkarakter A - F, der F er "ikkje greidd".
Ved stryk leverer ein omarbeidd semesteroppgåve i påfølgjande semester. Ved ynskje om forbetring av karakter kan omarbeidd tekst leverast inn neste gong eksamen vert arrangert.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel kan nyttast.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- SA6-409 - Politikk, styring og endring i helse- og velferdssektoren - Reduksjon: 10,5 studiepoeng
- SA6-410 - Politikk, styring og endring i utdanningssektoren - Reduksjon: 10,5 studiepoeng
- SA6-408 - Utdanningspolitikk - Reduksjon: 15 studiepoeng