Hopp til innhald

SA607 Historiefagleg kommunikasjon

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet har som føremål å få studentane til å omarbeide bacheloroppgåva til ein fagartikkel, ein kronikk eller eit anna formidlingsprodukt som kan publiserast, eller til å lage ein podkast eller ein videopresentasjon. Emnet skal bidra til å utvikle medvitet om kva som skil ein rein fagtekst (bacheloroppgåva) frå formidling retta mot ei breiare målgruppe, til dømes lesarar av eit lokalhistorisk tidsskrift eller podkastlyttarar.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten ....

  • kan gjere greie for sjangeren fagartikkel i historie
  • kan gjere greie for ulike formidlingsplattformer for historie

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan skrive ein kortare, populærvitskapleg fagartikkel eller formidle historiefaget til eit allment publikum gjennom videopresentasjon eller podkast basert på bacheloroppgåva.

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan skrive ein fagtekst om eit historisk tema med vekt på formidlingsaspektet og etter vitskaplege kriterium

Krav til forkunnskapar

Bacheloroppgåve i historie (SA523) må vere innlevert til eksamen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstudium, forelesingar, studentaktive økter og læringsressursar på nett. Det blir oppmoda til at studentane dannar eigne studiegrupper for å sikra best mogleg læring.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Oppgåve (individuell). Oppgåva skal vere eit publiseringsklart formidlingsprodukt (artikkel, kronikk, podkast eller videopresentasjon), samt eit refleksjonsnotat.

Vurdering: Greidd/ikkje greidd.

Ved ikkje greidd leverer ein forbetra versjon av produktet med refleksjonsnotat påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel