SYKS270 Sjukepleie i eit samfunnsperspektiv
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
I dette emnet skal du som student tileigne deg ei heilskapleg forståing av sjukepleiaren si samfunnsrolle og sjukepleieutøving i eit lokalt, nasjonalt og globalt perspektiv. Du skal bruke fagleg kunnskap i helsefremjande, førebyggjande og rehabiliterande arbeid, og utvikle kulturkompetanse for å møte mangfaldet i ulike pasientgrupper. Som ein del av dette vil du arbeide med korleis verdiar, prioriteringar og samval pregar sjukepleiepraksis og pasientmedverknad.
Sjukepleieprofesjonen speglar behova i samfunnet, og i emnet skal du gjere deg kjend med både nasjonale og internasjonale styringsdokument og dei offentlege og politiske føringane som påverkar helsetenesta. Du skal òg tileigne deg kunnskap om beredskap, trusselbilete og sentrale helsedeterminantar, med særleg vekt på korleis sosial ulikskap, levekår og samfunnsutvikling verkar inn på helse og sjukepleie.
Vidare skal du utvikle innsikt i korleis sjukepleieprofesjonen møter komplekse utfordringar i møte mellom individ og system. Emnet legg vekt på samarbeid, kommunikasjon og teknologi som grunnlag for kvalitet, pasienttryggleik og pasientmedverknad, og på korleis pedagogikk, helsekompetanse og kultursensitivitet kan styrke samhandlinga mellom pasientar, pårørande og helsepersonell.
Du skal òg arbeide med å forstå korleis pasientforløp blir forma på ulike nivå i helsetenesta, og korleis tverrfagleg og tverrsektoriell samhandling bidreg til eit meir koordinert og samanhengande tenestetilbod
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgande:
Kunnskap
Studenten...
- har brei kunnskap om sjukepleiaren sin helsefremmande og førebyggande funksjon
- har kunnskap om fagleg leiing, prioritering, organisering av helsetenesta og tverrprofesjonelt samarbeid
- har kunnskap om helse og sosialpolitikk, inkludert gjeldande lovverk
- har kunnskap om helsekompetanse på samfunnsnivå
- har kunnskap om metodar for brukarmedverknad på individ- og systemnivå
- har kunnskap om relevante undervisnings‑ og rettleiingsmetodar
- har kunnskap om barn og unge sine behov for tenester, medverknad og rettigheiter
- har kunnskap om samtale med barn om tema omsorgssvikt, vald og overgrep
- har kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder slik at kandidaten kan bidra til likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet
- har kunnskap om samane sin status som urfolk og om samane sine rettar, særskilt innafor helse‑ og sosialfeltet
- har innsikt i korleis pasientar si språklege og kulturelle bakgrunn utfordrar ivaretaking av kvalitet og pasientsikkerheit, samt kunnskap om bruk av tolk
Ferdigheiter
Studenten...
- nytter oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover, regelverk og rettleiingsdokument i si tenesteutøving
- nytter fagleg kunnskap om helsefremmande, forebyggande og arbeidsinkluderande tiltak
- nytter relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar
- nytter kunnskap om lærings-, meistrings- og endringsprosessar i rettleiing og undervisning
Generell kompetanse
Studenten...
- har innsikt i samanhengane mellom helse, utdanning, arbeid og levekår, og kan nytte dette i si tenesteutøving både overfor enkeltpersonar og grupper i samfunnet, for å bidra til god folkehelse og arbeidsinkludering
- planlegg og gjennomfører prosjekt
- har innsikt i sosiale og helsemessige problem inkludert omsorgssvikt, vald, overgrep, rus- og sosioøkonomiske problem
- kjenner til globale helseutfordringar og sjukepleieutøving i eit internasjonalt perspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SYK110
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesning
- Arbeid i grupper
- Digitale ressursar
- Framlegg og medstudentrespons
- Ferdigheitstrening
- Rettleiing
- Eigenvurdering
- Oppgåveløysing
- Skriftleg arbeid
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til eksamen:
- 80% oppmøte og deltaking i obligatoriske aktivitetar, omfang kjem fram av timeplan
- Prosjektplan i gruppe inntil 1000 ord
- Individuelt refleksjonsnotat inntil 1000 ord
Vurderingsform
Oppgåve
Prosjektoppgåve, gruppe (eller individuell), lengde inntil 3000 ord.
Alle i gruppa skal bidra til eit felles produkt. Oppstår det tvil om ein eksamenskandidat har bidratt tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt, skal dette dokumenterast frå alle gruppemedlemmane og emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at eksamenskandidaten skal regnast for ikkje å ha møtt under eksamen. Studenten må då levere ei ny oppgåve til neste eksamen. Jf. forskrifta: § 11-17 Gruppeeksamen.
Tid og stad for innlevering av prosjektoppgåva vert gitt på Studentweb.
Vurderingsuttrykk
Bestått/ikkje bestått.
Ny eksamen
Ved ikkje bestått vurdering er det høve til å levere forbetra versjon av oppgåva. Ein har då rett på ei rettleiing.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om Hjelpemiddel ved eksamen
Meir om hjelpemiddel