BFL301 Barn og friluftsliv
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet skal stimulere til pedagogisk arbeid med barn utandørs. Studentane skal få erfaring med å vere ute i ulike naturmiljøer. Studiet legg vekt på å sjå moglegheiter for bevegelse, leik, oppleving og undring for alle barn i nærområde. Dei skal lære om mangfald og samanhengar i naturen. Målet er å utvikle studentane til ressurspersonar som kan utvikle og leie friluftslivet i barnehagen.
Emnet er i stor grad basert på undervisning ute med praktisk arbeid. Undervisninga er forskingsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del av emnet.
Emneplanen bygger på Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning og emnet er ein valbar fordjuping i bachelorstudiet. Kunnskapsbasen bygger på kunnskapsområda, natur, helse og rørsle, barns utvikling, lek og læring og språk, tekst og matematikk. Studiet er lagt til haust- og vårsemesteret tredje studieår.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har brei kunnskap om korleis ein kan stimulere til barns undring, utforsking, meistring, leik, utvikling og læring i naturen
- har kunnskap om berekraftig utvikling og didaktiske praksisar som kan nyttast i barnehagen
- har kunnskap om, og innsikt i prosjektarbeid saman med barn
- har kunnskap om ulike naturtypar, landskap og nærmiljø
- har kunnskap om pedagogisk friluftsliv
- har kunnskap om matematikk som eit kreativt og estetisk fag ute
- har kunnskap om inkludering og om kulturelt mangfald i barnegruppa
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og evaluere tverrfaglege, matematiske natur- og friluftsaktivitetar i ulike naturtypar til ulike årstider, som fremjar barns meistring, nysgjerrigheit, oppdagarglede og sjølvutvikling
- kan leggje til rette for bruk av naturen til oppleving, observasjon, eksperiment, utforsking, leik og læring i ulike tema i nærmiljøet for alle barn
- kan meistre basisferdigheiter i friluftsliv og ha evne til å meistre opphald og ferdsel i varierte naturmiljø
- kan leie prosjektarbeid for å utvikle alle barn sin matematiske, naturfaglige og friluftsfaglege kompetanse.
- kan leie og kritisk reflektere over arbeid med friluftsliv i ei mangfaldig barnegruppe
Generell kompetanse
Studenten
- kan kritisk vurdere eiga leiarrolle og fagleg didaktisk arbeid med barn
- har god kjennskap til tryggleik ved natur- og friluftsaktivitetar
- har sjølvstendig og reflektert forståing for barnehageprofesjonen si særstilling og kan vidareutvikle barnehagen og barnehagelærarrolla
- kan fungere som ein ressursperson som bidreg til å heve den faglege kvaliteten i barnehagen sitt utemiljø og turkultur
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
NHR101/STM101/BULL101 bør vere greidd før studentar kan begynne på fordjupinga.
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta varierte arbeidsformer som lærarstyrte og studentstyrte aktivitetar, arbeid i grupper, seminarverksemd, ekskursjonar med overnatting, førelesningar, rettleiing og sjølvstudium. Delar av det studentaktive arbeidet vil liggja utanom dei timeplanfesta aktivitetane.
Praksis
I denne fordjupinga er det obligatorisk TVEPS-praksis (Tverrprofesjonell samarbeidslæring). Dersom du får TVEPS-praksis i ein annan barnehage enn praksisbarnehagen din, får du avspasere ein dag frå ordinær praksis.
Praksis vert gjennomført etter eigne læringsutbytte som står oppført i studieplanen. Informasjon om praksis (BBLPR301) ligg i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.
Obligatorisk læringsaktivitet
1. Didaktisk opplegg i fleirkulturelle barnehagar. Oppgåva er knytta til læringsutbytta:
- har brei kunnskap om korleis ein kan stimulere til barns undring, utforsking, meistring, leik, utvikling og læring i naturen.
- har kunnskap om inkludering og om kulturelt mangfald i barnegruppa
- kan leggje til rette for bruk av naturen til oppleving, observasjon, eksperiment, utforsking, leik og læring i ulike tema i nærmiljøet for alle barn
- kan kritisk vurdere eiga leiarrolle og fagleg didaktisk arbeid med barn
2. Prosjektarbeid - tverrfagleg. Oppgåva er knytta til læringsutbytta:
- kunnskap om, og innsikt i prosjektarbeid saman med barn.
- kan planleggje, gjennomføre og evaluere tverrfaglege, matematiske natur- og friluftsaktivitetar i ulike naturtypar til ulike årstider, som fremjar barns meistring, nysgjerrigheit, oppdagarglede og sjølvutvikling
- kan leie prosjektarbeid for å utvikle alle barn sin matematiske, naturfaglige og friluftsfaglege kompetanse.
3. Forflytta undervisning. Oppgåva er knytta til læringsutbytta:
- har kunnskap om pedagogisk friluftsliv.
- kan meistre basisferdigheiter i friluftsliv og ha evne til å meistre opphald og ferdsel i varierte naturmiljø
- har god kjennskap til tryggleik ved natur- og friluftsaktivitetar
4. Obligatorisk deltaking er knytta til læringsutbytta:
- kan leggje til rette for bruk av naturen til oppleving, observasjon, eksperiment, utforsking, leik og læring i ulike tema i nærmiljøet for alle barn
- kan meistre basisferdigheiter i friluftsliv og ha evne til å meistre opphald og ferdsel i varierte naturmiljø
- har sjølvstendig og reflektert forståing for barnehageprofesjonen si særstilling og kan vidareutvikle barnehagen og barnehagelærerrolla
Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir nærare presisert ved semesterstart.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel på inntil 2500 kr. Denne vil bli spesifisert ved semesterstart. Det vert lagt til rette for kompensatorisk læringsaktivitet, dersom ein ikkje kan delta på ekskursjonane.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette.Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen, 40 minutt.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel tillatt.
Meir om hjelpemiddel