Hopp til innhald

BI435 Landskapsøkologi

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

I dette emnet lærer du om idear, perspektiv og spørsmål frå landskapsøkologi, og korleis ein kan bruka landskapsøkologi i arealplanlegging og -forvaltning. Viktige tema som går igjen er: skala-avhengighet, landskapsstruktur, landskapsdynamikk, fragmentering og konnektivitet. Innhaldet i emnet kan delast inn under: (1) kunnskap om økologiske prosessar og mønster i landskapet, (2) verktøy for å beskriva og forstå desse og (3) strategiar for å ta vare på naturverdiar gjennom arealplanlegging og arealforvaltning.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • kan beskrive korleis romleg mønster påverkar økologiske prosessar hos dyr og planter, på ulike romlege og tidsmessige skalaer.
  • kan samanlikne naturlege og menneskelege årsaker til landskapsmønster og -dynamikk.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan analysere landskapsmønster og -dynamikk kvantitativt.
  • kan tolke resultat frå landskapsøkologiske studiar.
  • kan anvende økologiske prinsipp og empiri i arealplanlegging og -forvaltning.

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan presentere og trekkje på kvantitativt grunnlag for å underbyggje påstandar i skriftleg arbeid
  • kan reflektere over landskapet som et komplekst biologisk system, og utfordringane denne kompleksiteten byr på i arealplanlegging og arealforvaltning.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav.

Tilrådde forkunnskapar

Det er ei føremon med grunnleggende kunnskaper i økologi, geografiske informasjons system (GIS) og statistikk.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar, studentpresentasjonar av vitskaplege artiklar, prosjektbasert læring, ekskursjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • oppmøte til prosjektarbeid, ekskursjon og temadag(ar)
  • godkjend presentasjon av ein vitskapleg artikkel
  • godkjend prosjektoppgåve

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjende til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skuleeksamen, 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel