Hopp til innhald

FHS8201 Rettleiingspedagogikk med fokus på individnivå

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

I dette emne skal studentane tileigne seg inngåande forståing for teoriar og metodar for rettleiing i praksis, i eit tverrprofesjonelt og mangfaldsperspektiv. Aktuelle problemstillingar og utfordringar frå eigen arbeidspraksis er utgangspunktet for refleksjon over erfaringar i rettleiing. Sentrale tema er dialog med grunnleggjande kunnskap om kommunikasjon og relasjon, samt etikk i rettleiing. Målgruppa er profesjonsutøvarar innan helse- og sosialfag, med ansvar for rettleiing av studentar/ kollegaer. Emnet er samlingsbasert over fem dagar, der to er på campus og tre er digitale. Emnet går over eit semester.

Emnet rettleiingspedagogikk med fokus på individnivå tar utgangspunkt i Universitets- og høyskolerådet sine (UHR) sine retningsliner for utdanning og kompetansevurdering av praksisrettleiarar. Emnet dekkjer teoridelen i fagorganisasjonane sine krav til klinisk godkjenning som rettleiar. Studiet vert gjennomført i Haugesund, Stord, Bergen og Førde, og kan vere valemne i relevante masterutdanningar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS).

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:

Studenten...

  • har inngåande kunnskap om sentral empiri, teori, omgrep og ulike tradisjonar innan rettleiing
  • har inngåande kunnskap om relasjon og kommunikasjon i et rettleiingsperspektiv
  • har avansert kunnskap om læring og læringsprosessar i eit rettleiingsperspektiv
  • har inngåande kunnskap om rettleiar si rolle og funksjon i eit mangfaldsperspektiv i ein fagleg og tverrprofesjonell yrkespraksis
  • har inngåande kunnskap om relevante lovar, forskrifter og gjeldande styringsdokument, inkludert forskrift om skikkavurdering

Ferdigheiter:

Studenten...

  • kan planleggje og gjennomføre rettleiing innanfor eigen profesjon og på tvers av profesjonar
  • kan leggje til rette for rettleiing og læringsaktivitetar i samsvar med læringsutbyte og arbeidskrav i praksisperiodar
  • kan observere rettleiingssituasjonar og gi læringsfremjande tilbakemeldingar
  • kan planleggje og gjennomføre samtale for vurdering av måloppnåing, og føreta løpande skikkavurdering
  • kan analysere og kritisk reflektere over rettleiing som pedagogisk tilnærming
  • kan bruke ulike rettleiingsmodellar og metodar, studentaktive læringsformer og digitale læringsverktøy

Generell kompetanse:

Studenten...

  • kan kritisk reflektere over, vurdere og grunngje eiga rettleiarrolle uavhengig av rettleiingskontekst
  • kan identifisere og analysere utfordringar og etiske dilemma i rettleiing, og val av handlemåte i utfordrande samtalar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet krev eigenaktivitet før samlingar og arbeid i grupper. Studentaktive læringsformer vert vektlagt. Studenten vert utfordra til å bruke eigne erfaringar og praksiskunnskap i studiet. Praktiske øvingar, observasjon, tilbakemeldingar og refleksjon er sentralt. Undervisninga er samlingsbasert. Studentane vert organisert i kollokviegrupper som rettleier kvarandre og drøftar rettleiingsfaglege tema. HVL nyttar læringsplattforma Canvas. Det må reknast med ein samla arbeidsinnsats tilsvarande 270 timar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande arbeidskrav må vere gjennomført etter oppsett tidsplan, og godkjend før studenten får framstille seg til eksamen:

  1. Obligatorisk deltaking på fem samlingsdagar og ha gjennomført læringsstiar i forkant av samlingane.
  2. Dokumentere gjennomført rettleiing og reflektere over seg sjølv som rettleiar i ei oppgåve på tilsvarande 1000 ord +/- 10%.
  3. Dokumentere deltaking i minimum to kollokviegruppesamlingar der minst ei samling er med fysisk oppmøte.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er gyldige i to påfølgjande semester.

Vurderingsform

Oppgåve

Individuell oppgåve på maksimum 2000 ord

Vurderingsuttrykk

Bestått/ ikkje bestått

Ny eksamen

Ved ikkje bestått leverer studenten ei omarbeidd skriftleg oppgåve til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel