Hopp til innhald

GE483 Climate Change

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Kurset er sett saman av to delar, og består av ein meteorologi del (~2 veker) og ein klimatologi del (~4 veker). Studentane er introdusert til grunnleggande meterologiske omgrep, som til dømes korleis atmosfæren er strukturert, jordas energi balanse, vêr-prosssar (lufttemperatur, fuktigheit, nedbør, skyer, lufttrykk, og vind), vêrvarsling og teorien om polarfronten. I tillegg vil ulike vêr-system og fenomen vil bli forklart.

Klimatologidelen av kurset gir ei oversikt av kvifor og korleis klimaet har endra og vil endre seg på ulike tidsskala frå millionar av år til tiår, særleg frå siste istids maksimum til dagens klima og vidare inn i framtidas klima. Kurset fokuserer på korleis naturlege og menneskeskapte prosessar påverkar klimaet vårt på ulik skala i tid og rom. Tema som vert undervist i kurset er mellom anna karbonkrinslaupet, solinnstrålinga si påverknad på klimaet på jorda, drivhusgassar og interaksjonar mellom hav og atmosfære. Vi undersøkjer ulike metodar for å forske på tidlegare klimaendringar, og kva arkiv som er relevant for å forstå korleis klimaet har variert attende i tid. Vi diskuterer og gjer greie for dei framtidige endringane som vil skje på jorda i løpet av dei neste hundreår.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane:

  • får ei god forståing av kva som påverkar og driv dagens klimasystem på jorda.
  • forstår og veit om dei viktigaste metodane for å rekonstruere tidlegare klimaendringar frå ulike naturlege arkiv, og kan vurdere kritisk usikkerheit og manglar i klimarekonstruksjonar.
  • får ei god forståing av dei klimaendringane som har skjedd gjennom den geologiske tidskala og kan gjere greie for teoriane som forklarer desse.
  • får ei detaljert forståing av klimaendringar som tok plass dei siste 10 000 år.
  • får ei god oppfatning av rådande teoriar og modellar for klimaendringar i framtida.

Ferdigheiter

Studentane kan:

  • konstruere vêrkart med temperatur, lufttrykk, frontar, lavtrykk, høytrykk og vind..
  • samle inn og rapportere om informasjon frå ulike vêr-hendingar.

Generell kompetanse

Studentane:

  • får kompetanse innan grunnleggande meteorologiske prosessar, før- og notidsklima samt framtidige klimaendringar.
  • lærer om strukturen til atmosfæren, havet og jordoverflata, og korleis dei verkar i samspel i ein klimatisk kontekst.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GE-406 Geologi grunnkurs

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar og obligatoriske innleveringar av oppgåver og miniseminar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • 3 godkjente oppgåver
  • 3 obligatoriske innleveringar
  • 1 obligatorisk miniseminar med førebuing

Vurderingsform

Munnleg eksamen på norsk eller engelsk, 20 minuttar, pluss 25 minuttar til førebuing utan hjelpemiddel.

Karakterskala A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ordbøker

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • GE489 - Past and Present Climate - Reduksjon: 7,5 studiepoeng