KASP540 Praksisstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Praksisemnet utgjer 12 veker obligatorisk klinisk praksis på 40 timar per veke på godkjend, relevant praksisstad med tilgang til kvalifiserte rettleiarar.
Timane omfattar tid til førebuing, teoretisk fordjuping og skriftlege oppgåver knytt til klinisk praksis.
Praksisvekene skal delast på fleire relevante praksisstader for å sikre at læringsutbytte blir oppnådd. Praksisen kan vere på eigen arbeidsplass eller på andre godkjende praksisstader.
I samarbeid med emneansvarleg, skal det utarbeidast ein individuell plan for praksisen. Planen skal innehalde ei oversikt over kvar praksisen skal gjennomførast, og ein plan for korleis læringsutbyttet skal oppnåast.
Dei følgjande læringsområda inngår i emnet:
- systematiske kliniske undersøkingar
- sjukepleiarprosessen på avansert nivå: planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av pleie, omsorg og behandling for aktuelle pasient- og brukargrupper i alle aldrar
- samarbeid med pasientar, brukarar og pårørande med vekt på ressursar, moglegheiter og meistring
- samhandling og koordinering, tverrfagleg, tverrprofesjonelt og tverrsektorielt
- undervisning eller rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer eller studentar
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne har følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har inngåande kunnskap om systematiske kliniske undersøkingsmetodar
- har inngåande kunnskap om korleis ein sikrar heilskaplege pasientforløp på ein god måte
- har inngåande kunnskap om smittestoff, smitterisiko, og infeksjonsførebyggjande tiltak
- har inngåande kunnskap om palliasjon gjennom heile sjukdomsforløpet
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan gjennomføre systematiske kliniske undersøkingar på pasientar i alle aldrar og bruke relevante, standardiserte kartleggingsverktøy for å identifisere, vurdere og analysere klinisk helsetilstand og teikn til endring
- kan analysere samansette pasientsituasjonar for å kunne planleggje og gjennomføre heilskapleg sjukepleie, sikre nødvendig helsehjelp og foreslå oppfølgingstiltak i samarbeid med andre faggrupper
- kan analysere behov for, og setje i verk, helsefremjande, førebyggjande og meistringsstøttande tiltak
- kan handtere akutte og langvarige helseproblem på ein sikker og trygg måte i samarbeid med andre profesjonar og tenester
- viser forståing for kompleksiteten i brukarmedverknad og sikre auka brukarmedverknad i tenestene
- kan rettleie og undervise personell og studentar i komplekse pasientsituasjonar
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan nytte kunnskapane og evnene som blir kravde i yrkesrolla som avansert klinisk allmennsjukepleier, til å ta avgjerder om sjukepleietiltak, gjennomføre sjukepleietiltak, anten åleine eller i samarbeid med andre, og følgje opp etter at diagnostikk og behandling er fastsett
- kan kommunisera om faglege problemstillingar med legar, anna helsepersonell og andre faggrupper for å bidra til forsvarlege og kvalitativt gode helse- og omsorgstenester for pasientar og brukarar
- kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine til å leie team, koordinere team og arbeide effektivt i team, ha god forståing for grensene for eigen kompetanse, ha innsikt i andre profesjonar og sektorar sin kompetanse og vita når andre profesjonar skal involverast
- kan medverke til å involvere pasientar, brukarar, pårørande og den einskilde sitt sosiale nettverk i helsearbeidet, og sikre språk- og kulturtilpassa tenester
- nytte kunnskapsbaserte og helsepedagogiske metodar for å undervise og rettleie pasientar, brukarar og pårørande på ein måte som er tilpassa deira helsekompetanse, for å støtte pasientane i å ta velinformerte avgjerder som fremjar meistring, funksjon og livskvalitet
Krav til forkunnskapar
Fire følgjande emner:
- KAS500 Avansert allmennsjukepleie til pasientar med akutte og kritiske helseproblem
- MAMET1SKA Vitenskapsteori, etikk og metode
- KAS510 Avansert allmennsjukepleie til pasientar med langvarige og samansette helseproblem
- KAS520 Leiing, samhandling, tenesteutvikling og innovasjon
eller,
Følgjande tre emne:
- KAS501 Avansert klinisk kompetanse i avgjersletaking i allmennsykepleie
- KAS511 Fordjuping i klinisk vurderingskompetanse, heilskapleg pasientforløp og rettleiing
- KAS521 Leiing, samhandling, tenesteutvikling og innovasjon
Undervisnings- og læringsformer
- 30 timar rettleia praksis per veke
- 10 timar sjølvstudium per veke
- Skriftlege oppgåver
- Medstudentrespons
- Praksisseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studenten kan fremstille seg til praksisstudiene:
1. Individuell plan for praksis
Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studenten kan fremstille seg til avsluttande vurdering:
2. Tre skriftlege oppgåver med utgangspunkt i pasientkasus frå praksis som også tek utgangspunkt i læringsutbytte i emnet. To oppgåver på inntil 1500 ord og ein på inntil 2500 ord
3. Deltaking på to praksisseminar
4. Innlevering av vurderingsdokumentasjon
Vurderingsform
Vurderinga er firedelt og alle fire delar må vere bestått for at emnet skal vere bestått:
Del 1: Praksis i akutte tenester, 4 veker
Del 2: Praksis i sjukeheim, heimebaserte tenester eller primærhelseteam, 6 veker
Del 3: Valfri praksis (kan også inngå i ein av dei andre delane), 2 veker
Vurderingsuttrykk
Del 1, del 2, og del 3 av eksamen blir vurdert til bestått / ikkje bestått
Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen på ein av delane (del 1, del 2 og del 3) må studenten gjere nytt forsøk på denne delen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel