Hopp til innhald

KUN810 Prosjektleiing for kunst- og kulturnæringa

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet gir studenten kjennskap til sentrale prinsipp for prosjektleiing i små og mellomstore organisasjonar innafor kunst- og kultursektoren. Studenten vil tileigne seg kunnskap, dugleikar og kompetanse i utvikling, organisering og leiing av små og mellomstore prosjekt.

Studenten får innføring i dei ulike fasane i prosjektbasert organisering med utgangspunkt i teori og praktiske røynsler frå arbeid i team. Sentralt i studiet er praktisk bruk av omgrep, modellar og styringsverktøy som er relevante for måten kulturlivet organiserer seg på.

Studenten utviklar sin kompetanse i prosjektleiing i møte med praktiske utfordringar som krev samarbeid i team, kreativitet og løysningsorientering. Læringsaktivitetane legg til rette for at studenten vert i stand til å diskutere og reflektere på eit fagleg nivå. Studentaktive læringsformer omfattar munnlege framlegg og samarbeid i team.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om kunst- og kultursektoren som profesjons- og næringsarena
  • har kunnskap om politiske og økonomiske rammefaktorar
  • har kunnskap om søknadsarbeid og private og offentlege finansieringskjelder
  • har kunnskap om kunst- og kulturarrangement som prosess og produkt
  • har kunnskap om prosjekt som metode og form for organisering
  • har kunnskap om prosjektdefinering, finansiering, planlegging og gjennomføringsstrategi
  • har kunnskap om team og teamutvikling
  • har kunnskap om risikohandtering
  • har kunnskap om interessentanalyse
  • har kunnskap om å avslutte og evaluere prosjekt

Ferdigheiter

Studenten

  • kan skildre teoriar og modellar for prosjektleiing og nytte desse i praksis
  • kan bruke relevant programvare for å utvikle plandokument
  • kan framstille og formidle relevant fagleg kunnskap til ulike interessentar, skriftleg, munnleg og audiovisuelt, inkludert utvikling av prosjektplanar, budsjett og rapportar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan samarbeide i team om å skape eit felles produkt
  • kan kritisk reflektere over eiga fagleg utøving og utvikling
  • kan dele synspunkt og røynsler med andre i eit fagfellesskap for å bidra til å utvikle ein god praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Eit vesentleg trekk ved studiet er at studentane etablerer sitt faste team tidleg i semesteret. I tråd med denne forma for organisering, vert det nytta studentaktive undervisningsformer inspirert av prosjektbasert, problembasert og case-basert læring. Undervisninga er basert på ein aktiv og dialogbasert læringsmodell.

Kurset er organisert som 2 samlingar á 3 dagar, supplert med individuelt arbeid og arbeid i team mellom samlingane.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande tre obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen:

  1. Søknadstekst med prosjektskildring og budsjett til ei tenkt ekstern finansieringskjelde
  2. Statusrapport for caset som kandidaten i gruppe er med på å utvikle
  3. Det er obligatorisk å delta på dei to fysiske samlingane i emnet

Godkjende arbeidskrav er gyldige i eksamenssemesteret og det påfølgjande semester.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Munnleg gruppeeksamen:

Ein sluttrapport, kor teamet presenterer arbeidet med prosjektet, refleksjonar, røynsler og læring dei har opparbeidd gjennom semesteret. Denne eksamenen er lagt til slutten av semesteret. Eksamen har en varigheit på 30 minutt og består av ein presentasjonsdel og ein diskusjonsdel.

Karakterskalaen er A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.

Eksamen vert gjennomført i team, og alle deltakarane i teamet må være delaktige under eksamen. Dersom kandidaten ynskjer å forbetre karakteren, må både læringsaktivitetar og eksamen verte gjennomført på nytt neste gong emnet går.

Hjelpemiddel ved eksamen

Digitale presentasjonsverktøy

Meir om hjelpemiddel