KUN811 Formidling i kunst- og kultursektoren
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet gir kunnskap og ferdigheiter i formidling gjennom kunstfaglege metodar innan drama og visuell kunst. Studiet har som mål å utvikle formidlingspraksisar som skal legge til rette for demokratiutøving, medborgarskap og fleirstemmigheit. Gjennom studentaktive undervisningsformer blir det lagt vekt på kritisk refleksjon, utforsking av metodar og strategiar, og dialogbaserte tilnærmingar for å engasjere eit mangfaldig publikum.
Emnet er nett- og samlingsbasert og rettar seg mot formidlingsarbeid ved ulike kunst- eller kulturinstitusjonar som museum, teater, galleri, kulturhus, litteraturhus, konserthus, bibliotek, festivalar og i det frie kunstfeltet.
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om teori og praksis knytt til ulike kunstfaglege formidlingsmetodar og -strategiar
- har forståing for publikumsbehov og korleis desse påverkar formidlingspraksis
- kan reflektere kritisk og fagleg over eigen formidlingspraksis
Ferdigheiter
Studenten
- kan skape rom for dialog og meiningsbryting med eit særleig fokus på mangfald i møte med publikum
- kan reflektere over korleis ulike kunstfaglege formidlingsstrategiar fremjar deltaking i kunst- og kulturformidling og bidrar til demokratiutøving og medborgarskap
- kan tilpasse formidlinga til ulike kontekstar og miljø
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere over maktforholda som påverkar formidling, og utvikle etisk bevisste formidlingspraksisar som fremjar demokrati og medborgarskap i eiga yrkesutøving
- kan planlegge og gjennomføre formidlingsprosjekt som integrerer kunstfaglege metodar for å styrke deltaking og publikumsengasjement
- kan skape trygge rom for deltaking og interaksjon, og fremje publikum sin eigarskap og tilknyting til kunst- og kulturformidling
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Formidlingserfaring
Undervisnings- og læringsformer
Formidling i kunst- og kultursektoren er eit samlings- og nettbasert emne med to fysiske samlingar, kvar av dei på tre dagar, i tillegg til nettøkter. På samlingane blir det i stor grad lagt opp til praktisk arbeid med rettleiing, noko som føreset at studentane er fysisk til stades og tar aktivt del i læringsaktivitetane. I tillegg møter studentane undervisnings- og læringsformer som faglege samtalar, gruppediskusjonar og kvarandrevurdering.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen:
- Utvikling og utprøving av eit eige formidlingsarbeid som viser korleis eit tema kan iscenesetjast ved hjelp av kunstfaglege metodar. Erfaringar frå utprøvinga skal presenterast for medstudentar.
- Obligatorisk deltaking i undervisning, både på fysiske samlingar og i nettbasert undervisning. Det er krav om minst 80% oppmøte.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Oppgåve. Studenten skal levere eit refleksjonsnotat på 500 ord som dokumenterer prosessen med å utvikle og prøve ut eit kunstfagleg formidlingsopplegg. Notatet skal innehalde både tekst og bilete.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate. For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
Meir om hjelpemiddel