Hopp til innhald

MAT112 Statistikk for ingeniør

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i fagområdet statistikk og sannsynsrekning. Det vert lagt vekt på å forstå og nytte statistiske modellar til å beskrive data som er samla inn, og om mogleg seie noko om data som ikkje er observert, kjent som statistisk inferens.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet har følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner til grunnleggjande teori om deskriptiv statistikk, sannsyn, stokastiske variablar, fundamentale fordelingar, estimering av parametre og konfidensintervall, hypotesetesting, korrelasjon, enkel lineær regresjon, val av statistiske modellar og dataverktøy for statistikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan beskrive data
  • kan velje eigna statistiske modellar
  • kan gjere enkle rekneoperasjonar og nytte relevant dataverktøy for å analysere data
  • kan estimere relevante parametre, teste hypotesar og utføre og tolke lineær regresjon

Generell kompetanse

Studenten

  • har kjennskap til statistiske modellar og kan utføre enkle analysar
  • kan forstå, fortolke og vurdere resultat frå statistiske analysar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Nettbasert undervisning, i tillegg til samlingar med undervisning og rekneøvingar i klasserom.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre obligatoriske innleveringar.

Dei obligatoriske aktivitetane må vera gjennomført og godkjent til fastsette fristar, for å kunna gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 3 timar, gjennomført på datamaskin med WISEflow i FLOWLOCK-modus.

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjent enkel kalkulator.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • MAT121 - Statistikk for ingeniør - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • MAT122 - Statistikk for ingeniørar - Reduksjon: 5 studiepoeng