MIDR405 Kvalitativ analyse og prosjektplan
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar analyse av kvalitativt materiale som studentane sjølve har produsert eller som finst i form av tekstar, dokument, bilde eller film andre har produsert. Analysane kan gjerast ut frå ulike perspektiv som til dømes tematisk, diskurs, narrativ, og autoetnografisk. I analysearbeidet skal studentane bruke relevant teori.
Det blir gitt ei innføring i kva som skal inngå i ein prosjektplan, samt innføring i naudsynte søknadar for å kunne gjennomføre ulike forskingsprosjekt. I emnet førebur studentane seg på å gjennomføre og skrive masteroppgåve ved å bruke kvalitative metodar og analysestrategiar på truverdige måtar. Studentane skal skrive sin prosjektplan for masteroppgåva i emnet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om viktige omgrep i kvalitativ forsking
- har god kunnskap om kvalitative analysestrategiar
- har ei god forståing av ulike forskarposisjonar i kvalitativ forsking
- kan vurdere behovet for å søke sentrale myndigheiter om godkjenning av eit forskingsprosjekt ut frå prosjektet sine problemstillingar og metodar
Ferdigheiter
Studenten
- kan formulera gode deskriptive og analytiske spørsmål til kvalitativt materiale og ha innblik i ulike analysar (tematiske, diskursive, narrative, fenomenologiske og autoetnografisk)
- kan utforme ein vitskapleg prosjektplan
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggja, analysera og vurdera kvalitativ forsking
- kan vurdere etiske problemstillingar il eige forskingsprosjekt
- har god forståing av kvalitative perspektiv i forsking og kan formidle om eiga førforståing, samt teoretiske og praktiske sider ved forskingsprosessen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MIDR400 Vitskapsteori og forskingsmetode
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsforma i emnet er seminarorientert og undervisningsformene inkluderer studentane sine erfaringar med val av materiale. Det blir også noen førelesingar, samt studentpresentasjonar, eige arbeid med oppgåver og prosjektplan. Eige masterprosjekt er førande for deler av innhaldet i emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Eitt gruppearbeid i å analysere kvalitativt materiale med munnleg presentasjon
- Eitt individuelt skriftleg analysearbeid
- Individuell skriftleg prosjektplan
- Skriftleg individuell innlevering av tema og foreløpig problemstilling for masteroppgåve
- Presentasjon av prosjektplan og deltaking på seminar
- Prosjektplan til rettleiing
Læringsaktivitetane er relatert til læringsutbytta om å ha inngåande kunnskap om viktige omgrep i kvalitativ forsking, å kunne planlegge, analysere og vurdere kvalitativ forsking og å kunne utforme ein vitskapleg prosjektplan.
Vurderingsform
Skoleeksamen 5 timer
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel