MSB207 Kvantitative forskingsmetodar
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei heilskapleg oversikt over kvantitative forskingsmetodar og forklarer i kva samanhengar ulike tilnærmingar er eigna å nytte, samt korleis ulike typar kunnskap og problemstillingar kan undersøkast ved hjelp av ulike kvantitative metodar. Studentane vil lære korleis ein utviklar ein forskingsidé, formulerer forskingsspørsmål og hypotesar, gjennomfører litteraturgjennomgang, vel eit eigna forskingsdesign og ein strategi for datainnsamling, utfører analysar og formidlar forskingsresultat. Emnet har som mål å gi grundig kunnskap og forståing av korleis ein gjennomfører eit kvantitativt forskingsprosjekt, samt å gi nødvendig teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheiter for å kunne skrive masteroppgåva. Studentane er forventa å delta aktivt i undervisninga gjennom lesing av vitskaplege artiklar, diskusjonar, deltaking på lab-økter, seminar og presentasjonar.
Hovudmål:
- Å gi studentane ei god forståing av dei sentrale akademiske og praktiske kvantitative forskingsmetodane.
- Å gi studentane praktiske verktøy og ferdigheiter til å gjennomføre og presentere kvantitative forskingsresultat.
- Å lære bruk av programvareverktøy som SPSS og AMOS til praktiske bruksområde.
Emnet omfattar følgjande tema:
- Planlegging av forskingsstudien - frå forskingsidéar til formulering av hypotesar
- Naturen til kvantitativ forsking
- Kvantitativ forsking, forskingsdesign og metodar
- Datainnsamlingsmetodar i kvantitativ forsking
- Måleteknikkar og utforming av spørjeskjema
- Utvalsproblemstillingar i kvantitativ forsking
- Etikk i samfunnsvitskapleg forsking
- Forskingsvaliditet og reliabilitet i kvantitativ forsking
- Analyse og tolking av kvantitative data
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne har studentene bygd opp kunnskap i
- dei viktigaste prinsippa for kvantitative forskingsdesign, relevante metodar for kvantitativ datainnsamling og tolking av analysar av forskingsresultat.
- kvantitativ statistisk analyse.
- forståing av og ferdigheiter i å skrive akademiske artiklar.
Ferdigheiter
Etter avslutta emne kan studenten
- grunngje val av eigna forskingsdesign for kvantitative forskingsprosjekt.
- gjennomføre datainnsamling ved bruk av eigna teknikkar og instrument.
- gjennomføre analysar ved hjelp av statistiske metodar.
- tolke resultat frå statistiske analysar.
Generell kompetanse
Etter avslutta emne kan studenten
- kunna lesa, kritisera og nytta kunnskap som er publisert i vitskapleg litteratur
- delta i forskingsprosjekt av større skala.
- delta i konsulentarbeid om marknadsføringsstrategiar og forbrukarval, der bruk av kvantitative metodar står sentralt i arbeidet.
- formidla relevante emne til både spesialistar og ikkje-spesialistar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisningsforma er ein kombinasjon av førelesingar, seminar og praktisk arbeid i datalab. Problemløysing, diskusjon av artiklar og øvingar i undervisninga, samt bruk av analyseprogramvare, vil vere ein viktig del av emnet. Studentane er forventa å lese dei tilrådde artiklane, samt å presentere og delta i diskusjonar under seminara. Sjølvstudium, deltaking i undervisninga, gruppearbeid og seminar er viktige element i emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskravet omfattar ei skriftlege oppgåve og éin munnleg presentasjon, begge i grupper på to personar. Ein må greie (bestå) arbeidskravet for å kunne ta eksamen i emnet. Førespurnad om å levere arbeidskrava individuelt må godkjennast av fagansvarleg. Både innlevering og presentasjon skal vera på engelsk.
Vurderingsform
Eksamen i to delar:
- Individuell skriftleg eksamen, 4 timar (50% av sluttvurderinga).
- Éi semesteroppgåve (50 % av sluttvurderinga). Semesteroppgåva skal skrivast i ei gruppe på to personar. Faglærar kan gjere unntak.
Studentane må skriva semesteroppgåva og eksamen på engelsk.
Karakterskalaen er A-F, der F er stryk.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg eksamen:
Godkjent nettbasert engelsk-norsk ordbok og enkel kalkulator kan brukast.
Semesteroppgåve: Alle hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- MSB201 - Vitenskapeleg forskningsmetode - Reduksjon: 10 studiepoeng