MSB208 Kvalitative forskningsmetodar
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Dette kurset startar med ei innføring i kunnskapen sin natur og status, både i samfunnet generelt og i samfunnsvitskapleg forsking spesielt. Gjennom ein kombinasjon av førelesingar og praksisseminar skal kurset setje studentane i stand til å gjennomføre kvalitativ forsking og ta informerte metodologiske val når dei skriv masteroppgåva si. Kurset gir studentane ei avansert praktisk innføring i innsamling og analyse av tekst- og intervjudata. Studentane vil lære korleis ein utviklar ein forskingsidé, formulerer forskingsspørsmål, gjennomfører ein litteraturgjennomgang, vel eit eigna forskingsdesign, samlar inn og analyserer kvalitative data, formidlar forskingsresultat og handterer etiske problemstillingar innan kvalitativ forsking. Studentane er forventa å delta aktivt i undervisninga gjennom lesing av vitskaplege artiklar, diskusjonar, deltaking på seminar og presentasjonar.
Hovudmål:
- Å gi studentane ei god forståing av dei sentrale akademiske og praktiske kvalitative forskingsmetodane.
- Å gje studentane praktiske verktøy og ferdigheiter til å gjennomføre og presentere kvalitative forskingsresultat.
- Å gi kunnskap om programvare som blir nytta i kvalitativ dataanalyse, til dømes NVivo.
Kurset omfattar følgjande tema:
- Forståing av grunnlaget for samfunnsvitskapleg forsking, teoriar og bruk
- Planlegging av forskingsstudiar - frå forskingsidéar til utvikling av forskingsrammeverk
- Design av kvalitative forskingsstudiar
- Metodar for innsamling av kvalitative data
- Utval i kvalitativ forsking
- Etikk i samfunnsvitskapleg forsking
- Kvalitetskriterium i kvalitativ forsking
- Analyse og tolking av kvalitative data
- Metodetriangulering (mixed methods) forskningsdesign
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne har studenten bygd opp kunnskap i:
- hovudprinsippa for kvalitative forskingsdesign; relevante metodar for kvalitativ datainnsamling og tolking av analysen av forskingsresultat.
- kvalitative forskingsstrategiar.
- forstå og skriva akademiske artiklar.
Ferdigheiter
Etter avslutta emne kan studenten
- analysere litteratur for å gjennomføre/skrive ein litteraturgjennomgang.
- grunngi kva som er eigna forskingsdesign i forskingsprosjekt.
- gjennomføre kvalitativ datainnsamling ved bruk av kritisk forskingsmetodikk.
- gjennomføre analysar ved hjelp av kvalitative forskingsmetodar.
- Tolke kvalitative forskingsresultat.
Generell kompetanse
Etter avslutta emne kan studenten
- lese, kritisere, forske, skrive og bruke kunnskap som er publisert i vitskapleg litteratur.
- Delta i storskala kvalitative forskingsprosjekt.
- delta i konsulentarbeid om marknadsføringsstrategiar, innovasjonsnettverk og forbrukarval.
- formidle relevante emne til både akademikarar og praktikarar.
- Analysere relevante forskingsetiske problemstillingar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Greidd introduksjonsemnet i MSB101 Marknadsteori og praksis
Undervisnings- og læringsformer
Undervisinga omfattar førelesingar og seminar. Problemløysing, diskusjon av artiklar og øvelsar i klassen, og innføring i anvendt programvare er viktige element i kurset. Det er forventa at studentane les anbefalt litteratur og at dei møter og deltek aktivt i seminara. Sjølvstudium og deltaking i organiserte seminar utgjer viktige delar av emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskravet omfattar ei skriftlege oppgåve og éin munnleg presentasjon, begge i grupper på to personar. Ein må greia (bestå) arbeidskravet for å kunne ta eksamen i emnet. Førespurnad om å levere arbeidskrava individuelt må godkjennast av fagansvarleg. Både innlevering og presentasjon skal vera på engelsk.
Vurderingsform
Eksamen i to delar:
- Individuell skriftleg eksamen, 4 timar (50% av sluttvurderinga).
- Éi semesteroppgåve (50 % av sluttvurderinga). Semesteroppgåva skal skrivast i ei gruppe på to personar. Faglærar kan gjere unntak.
Studentane må skriva semesteroppgåva og eksamen på engelsk.
Karakterskalaen er A-F, der F er stryk.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg eksamen:
Godkjent nettbasert engelsk-norsk ordbok kan brukast.
Semesteroppgåve: Alle hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- MSB201 - Vitenskapeleg forskningsmetode - Reduksjon: 10 studiepoeng