Hopp til innhald

MSB211 Digital organisering og leiing

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

I dette emnet ser vi på utfordringar for leiarar knytte til å gjennomføre ein digital transformasjon og å leie organisasjonar i ei digital verd. Kurset tar for seg følgande problemstillingar:

- korleis digitale teknologiar og utnytting av desse gjer mogleg og krev ein transformasjon av organisasjonsstrukturar, forretningsprosessar, kompetanse og evne;

- korleis leiarar på ulike nivå kan leie strategiske endringsprosessar;

- korleis intraorganisatoriske paradoks og spenningar kan hindre produktivt samarbeid og digital transformasjon, og korleis leiarar kan og bør handtere desse;

- korleis leiarar kan leie medarbeidarar som arbeider og samarbeider via digitale plattformer, til dømes på heimekontor

- problemstillingar og truslar knytte til bruk av digital teknologi med omsyn til etikk, cybersikkerhet og personvern

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten ha avansert kunnskap om:

  • korleis digitale teknologiar gjer mogleg og føreset ein transformasjon av private og offentlege organisasjonar;
  • omgrep, teoriar og praksisar knytt til forskningsområda som inngår i kurset, som digital transformasjon, leiing av strategisk endring, organisatoriske spenningar og virtuelt arbeid.

Ferdigheiter

Etter fullført kurs vil studenten kunne:

  • forklare og diskutere korleis digitale teknologiar gjer mogleg og føreset organisatorisk transformasjon;
  • reflektere kritisk over og anvende teoriar og metodar innan organisasjonsteori og litteratur på digital transformasjon;
  • delta konstruktivt og komme med forslag basert på forsking i organisatoriske endringsprosessar som digital teknologi har gjort mogleg eller tvinga fram.

Generell kompetanse

Etter fullført kurs vil studenten kunne:

  • ta på seg konsulentarbeid innan områda digital transformasjon og organisering og leiing i dagens digitale verd
  • jobbe både sjølvstendig og i team med praktiske og teoretiske problemstillingar;
  • presentere resultat av slikt arbeid munnleg og skriftlig;
  • formidle relevante emne til både spesialistar og ikkje-spesialistar;
  • vite når ytterlegare kompetanse er nødvendig, og kor den kan finnast.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar: Fullført 1. og 2. semester av masterprogrammet.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil kombinere forelesningar, gjesteforelesingar, sjølvstudium av relevant litteratur, litteraturpresentasjonar frå studentar, ekskursjonar til relevante organisasjonar, og tilbakemelding på skriftleg arbeid.

Emnet vert undervist på norsk eller engelsk, etter behov. Vurderingsformer og andre oppgåver kan leverast på norsk eller engelsk.

Obligatorisk læringsaktivitet

I løpet av semesteret skal kvar student presentere minst éin akademisk artikkel og éi masteroppgåve på eit seminar. Studentane skal også presentere idear og utkast til semesteroppgåva.

Presentasjonane kan gjennomførast i grupper på 2-4 studentar.

Vurderingsform

Semesteroppgåve om eit tema knytt til emnet. Skal skrivast i grupper (maks. 3 studentar). Lengde på semesteroppgåva: ca. 20-25 sider (+/- 10%), skriftstorleik12, linjeavstand 1,5. Karakterskala: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • MOØ233 - Digital organisering og leiing - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • NVB013 - Digital organisasjon og leiing - Reduksjon: 4 studiepoeng