SOS330 Økonomisk sosiologi
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhold og oppbygning
Emnet har oppstart studieåret 2026/2027. Fullstendig emnebeskrivelse vil bli publisert våren 2026.
Emnet gir ei meir konsentrert innføring i sambandet mellom økonomi og samfunn enn tidlegare emne formidlar. Historia til kapitalisme som økonomisk system blir presentert. Vidare blir perspektiv i økonomifaget halde opp mot perspektiv i økonomisk sosiologi, som vektlegg økonomien som innvevd i samfunnslivet. Økonomi er ikkje berre effektiv ressursutnytting gjennom marknadar for tilbod og etterspurnad og profittmaksimering. Institusjonen er like mykje resultat av politiske avgjerder og strid mellom samfunnsgrupper. Emnet prøvar dermed å sjå økonomi og samfunn som gjensidig avhengige fenomen som får ulike former på tvers av land og kontinent, og som er i stadig endring, ofte gjennom kriser med stor geografisk spreiing.
Emnet går også nærmare inn på forståinga av makt i sosiologien. Fenomenet makt eignar seg godt til å illustrere korleis økonomi og samfunn er vevd tett saman.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har kandidaten tileigna seg
Kunnskapar
- kunnskap om kapitalismens historie og sentrale aktørar.
- kunnskap om kva sosial makt er, og korleis sosiologien omgrepsfestar og analyserer makt.
- kunnskap om korleis vestleg kapitalisme har gitt form til moderniteten; institusjonelt, kulturelt og i samhandlingsformer.
- kunnskap om konkrete, historisk betinga kapitalistiske samfunn, og forskjellar mellom desse.
Ferdigheiter
- Forståing av betydninga av samfunnsøkonomiske system, samspelet mellom institusjonar i slike system, og maktformene som oppstår i kjølvatnet av dei.
- Evne til å analysere forskjellar mellom samfunn som alle er "kapitalistiske", men som er forma av særeigen historie og kultur.
- Dugleik i klar formidling av kapitalismens særdrag, verkemåtar, tilpassingsformer og endringar.
Generell kompetanse
- Kunne tolke dagsaktuelle hendingar i lys av ei forståing av sambandet mellom økonomi og samfunn.
- Delta i ordskifte om omstilling, berekraftig innovasjon og arbeidstakarkompetanse med grunnlag i kunnskap frå emnet
- Kjenne att eldre og nyare aktørar i kapitalistisk samfunnsendring, og medverke til samfunnets refleksjon over eiga utvikling.
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
SOS130 og SOS140
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, oppgåveskriving og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Fagtekst av omfang 800 ord. Studentane får tilbod om felles rettleiing i oppgåveseminar og fullfører deretter teksten innan ein frist sett av faglærar. Vurderingsform på arbeidskravet: Greidd/ ikkje greidd.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen, omlag 20 minutt.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemidler ved eksamen
Ingen
Mer om hjelpemidlerFaglig overlapping
- SO202 - Kapitalisme og makt - Reduksjon: 10 studiepoeng