SOS340 Sosiologisk analyse og metode
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhold og oppbygning
Emnet går inn på sosiologiske forskingsmetodar (både kvalitative og kvantitative) i samanheng med sosiologisk analysearbeid. Studentane får praktisk og teoretisk opplæring i sosiologisk analyse, dvs. innsikt i korleis sosiologar ved kritisk prøving av teori og empiri, får desse elementa til å henge saman i eit overtydande skriftleg argument. Studentane får i oppgåve å setje seg inn i korleis analyse har blitt gjort av sosiologar ved å lese fleire artiklar opp mot kvarandre, og å samanlikne desse. Eit føremål med emnet er å gi studentane eit betre metodisk og teoretisk grunnlag for å skrive eiga bacheloroppgåve i emnet SOS350.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studentane følgjande kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetanse:
Kunnskapar:
- Kunnskap om kva sosiologisk analyse er, særskilt knytt til arbeidet med å dele opp eit sosialt fenomen (analyse) og å setje det saman på nytt, informert av sosiologisk teori (syntese).
- Kunnskap om sosiologisk analyse som tek sikte på å skape ulike former for sosiologisk kunnskap, t.d. oppdagande, teoriutviklande, teoriprøvande analyse.
- Kunnskap om sosiologiske "case", og korleis sosiologar skapar og nyttar case i analytisk arbeid.
Ferdigheiter:
- Evne til å identifisere kva for sentrale teoretiske og metodiske grep som er brukt i ei sosiologisk undersøking
- Kunne skilje mellom ulike typar sosiologisk analyse
- Gjere gode vurderingar av kva for sosiologiske metodar som høver til ulike problemstillingar
Generell kompetanse:
- Kunne finne fram til og leggje fram hovudfunna i ein sosiologisk artikkel eller monografi.
- Peike ut kva for metodar, teoriar og empiri som blir nytta i sosiologisk forsking, og korleis ein kan skape samanheng mellom desse komponentane.
- Evne til å vurdere betydninga av samfunnsvitskapleg forsking i ordskifte i samfunnet, både når det gjeld konkrete prosjekt og denne typen forsking generelt.
Krav til forkunnskaper
Minimum 30 studiepoeng i sosiologi.
Anbefalte forkunnskaper
SOS160, SOS130, SOS140
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og kollektiv gjennomgang av utvalde sosiologiske tekstar. Studentane les tekstane individuelt og diskuterer analytiske dimensjonar seg i mellom. Ein del av undervisninga kan nyttast til å utvikle ei kort skisse til eiga bacheloroppgåve. Sjå også obligatorisk arbeidskrav.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentar legg gruppevis fram ein eller fleire tekstar for dei andre studentane, der oppgåva er å få fram dei viktigaste metodiske, teoretiske og empiriske elementa i teksten/ tekstane, og å gjere greie for samanhengen mellom desse elementa. Studentane kan velje ein eller fleire sosiologiske fagtekstar fritt, eller frå eit utval gitt av faglærar.
Vurderingsform: Greidd/ ikkje- greidd
Vurderingsform
Digital munnleg eksamen. Eksamen er individuell og varer i 20 min.
Karakterskala A - F
Hjelpemidler ved eksamen
Ingen
Mer om hjelpemidler