SOS350 Bacheloroppgave i sosiologi
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhold og oppbygning
Emnet gir høve til å orientere seg sjølvstendig i aktuell sosiologisk forsking og teori. I emnet skriv studentane ei relativt omfattande oppgåve (7500 ord) over eit sjølvvald tema. Målet er trening i sjølvstendig arbeid med sosiologisk litteratur og empiri. Studentane får individuell og gruppevis rettleiing i arbeidet med oppgåva, og emnet inneheld også øvingar i å lese og kommentere tekstutkast frå medstudentar. Bacheloroppgåva byggjer på tidlegare emne i sosiologiprogrammet, men skil seg frå desse gjennom kravet til sjølvstende i analyse- og skrivearbeid. Studentane vel problemstilling og sjølvvald pensum i samråd med rettleiar. Oppgavå skal følgje vitskapelege standardar og forskingsetiske normer.
Bacheloroppgåva kan vere ei teoretisk drøfting, ei drøfting basert på tidlegare empirisk forsking, ei eiga innsamling og undersøking av empiriske data, eller ein kombinasjon av desse. Studentar kan også velje å gjennomføre datainnsamling i samarbeid med arbeidslivet. Studentar som er i lønna arbeid, deltar i frivillige arbeid, eller er aktive i anna organisasjonsarbeid kan nytte slike erfaringar som studiefelt for bacheloroppgåva.
Emnet har også eit fellespensum som tar opp metodiske tilnærmingar og analyse- og skriveprosessen generelt. På munnleg deleksamen vil studenten både få spørsmål med utgangspunkt i bacheloroppgåva og meir generelle spørsmål kring forskingsprosessar og forskingsetikk.
Læringsutbytte
Etter fullført emne
Kunnskapar
- har studenten grundig kunnskap om eit emne som studenten har skrive oppgåve om
- kjenner studenten til og forstår korleis emnet for bacheloroppgåva plasserer seg i det sosiologiske forskingsfeltet
Ferdigheiter
- kan studenten finne, vurdere og undersøke ei sosiologisk problemstilling
- kan studenten reflektere over sosiologiske problemstillingar ved å integrere kunnskap frå ulike kjelder
- kan studenten nytte teoretisk og metodisk kunnskap til å gjennomføre eit avgrensa sosiologisk forskingsarbeid
- kan studenten formidle eige arbeid munnleg
- kan studenten vurdere spørsmål knytt til forskingsetikk, personvern og vitskapelege standardar
Generell kompetanse
- kan studenten planleggje og gjennomføre faglege arbeid av relativt stort omfang
- har studenten innsikt i korleis ein effektivt kan skaffe seg oversikt over eit fagområde gjennom litteratursøk og andre relevante kjelder
- kan studenten formidle ei fagleg problemstilling gjennom å skrive ein omfattande, samanhengande akademisk tekst
- kan studenten delta i det offentlege ordskiftet gjennom å utveksle synspunkt og erfaringar, basert på brei sosiologisk kunnskap
Krav til forkunnskaper
Minimum 30 studiepoeng i sosiologi.
Anbefalte forkunnskaper
SOS340 Sosiologisk analyse og metode
Undervisnings- og læringsformer
Oppgåveskrivinga vil vere utgangspunkt for læringsaktivitetane som i hovudsak er basert på individuell og gruppevis rettleiing. Bacheloroppgåva blir skrive enten med utgangspunkt i eit bestemt tema eller problemstilling, eller som ein presentasjon og analyse av ein sosiologisk monografi eller empirisk studie. Studentar kan også gjennomføre eigne empiriske studiar. Faglærar kan gjere framlegg om tema/ problemstillingar/monografiar og gir elles råd om relevant litteratur.
Emnet inneheld eit digitalt oppstartsseminar, og eit digitalt oppgåveseminar midtvegs i undervisningsperioden der medstudentane skal kommentere kvarandre sine tekstutkast.
Obligatorisk læringsaktivitet
1. Deltaking på digitalt oppstartsseminar. Innlevering av skissa til bacherloroppgåva (tema, problemstilling, metode). Godkjend / Ikkje godkjend
2. Deltaking på digitalt midtvegsseminar. Innlevering av tekstutkast. Studentane kommenterer kvarandre sine utkast med faglærar som tilhøyrar og kommentator. Godkjend / Ikkje godkjend
Arbeidskrava må vere gjennomført til fastsett frist og godkjend før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Del 1: Oppgåve, 7500 ord, tel 70 % på endeleg karakter.
Del 2: Munnleg digital eksamen. Eksamen er individuell og varer 30 minutt, tel 30 % på endeleg karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.
Hjelpemidler ved eksamen
Del 1. Oppgåve - Alle
Del 2. Munnleg digital eksamen - Ingen
Mer om hjelpemidlerFaglig overlapping
- SO590 - Bacheloroppgåve i ungdomssosiologi - Reduksjon: 15 studiepoeng