YFL802 Vurderingspraksis og læreplanforståelse for yrkesfaglærarar (del 1)
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Føremålet med studiet er å vidareutvikle og fornye yrkesfaglærarar sin praksis knytt til vurdering. Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil difor ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis, samstundes som det er ei målsetjing at studiet kan bidra til å vidareutvikle vurderingsarbeidet innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ved deltakarane sine arbeidsplassar/ skular. Vidareutdanninga skal gje grunnlag for å vidareutvikle undervisningspraksis i deltakarane sine undervisningsfag på yrkesfaglege utdanningsprogram. Studiet vil fokusere på formativ vurdering i undervegsvurdering, utvikling av vurderingsverktøy, eigenvurdering og elevmedverknad og samanhengar mellom læring, vurdering og motivasjon. Felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga.
Sentrale tema studiet:
- Undervegsvurdering, formativ vurdering og summativ vurdering i yrkesfag
- Arbeid med mål og kriterium som grunnlag for vurderingsarbeid
- Samanhengar mellom læring, vurdering og motivasjon
- Elevmedverknad og eigenvurdering
- Vurdering i ulike læringskontekstar
- Samhandling mellom ulike arenaer og aktørar i vurderingsarbeid
- Digitale verktøy i vurderingsarbeid
Tilbodet er forankra i Opplæringslova og forskrifter og læreplanverket for grunnopplæringa (LK20).
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha fylgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar:
Studenten
- har kunnskap om styringsdokument og rammer for arbeidet med vurdering på yrkesfaglege program
- har kunnskap om ulike perspektiv på vurdering for læring og formativ vurdering
- har kunnskap om samanhengar mellom vurdering, læring og motivasjon
- har kunnskap om arbeid med læreplanar, vurderingskriterium og kjenneteikn på måloppnåing
- har kunnskap om elevmedverknad og elevane si eigenvurdering
Ferdigheiter:
Studenten
- kan arbeide med vurdering for læring på ulike læringsarenaer
- kan leggje til rette for læring gjennom formativ undervegsvurdering
- kan arbeide med å fremje elevmedverknad i vurderingsarbeidet
- kan samarbeide med ulike aktørar i vurderingsarbeidet
Generell kompetanse:
Studenten
- kan reflektere kring eigen og skulen sin vurderingspraksis
- kan vidareutvikle vurderingspraksis ved eigen skule for elevane si læring
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er samlings- og nettbasert.
Studiet vekslar mellom fagleg formidling, gruppearbeid, erfaringsutveksling og diskusjonar. Felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga. Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil difor ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis, samstundes som det er ei målsetjing at studiet kan bidra til å vidareutvikle vurderingspraksis i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ved deltakarane sine arbeidsplassar/ skular. Vi legg særskilt vekt på erfaringsdeling (både innan programfag og på tvers av programfag) både på samlingar og i studentane sine nettverksgrupper. Erfaringsdeling og drøftingar skal vere ein viktig ressurs i utdanninga og undervisninga skal sentrere rundt dette.
Mellom samlingane skal studentane prøve ut metodar og verktøy for vurdering i relasjon til sentrale element i LK20. Studentane skal òg arbeide i nettverksgrupper mellom samlingane, som støtte for kvarandre i utprøvingar av metodar og verktøy og som ein arena for erfaringsutveksling og refleksjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling ein og to.
- Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling to og tre.
- Presentasjon av erfaringar frå obligatoriske læringsaktiviteter i studiet for kollegaer på eigen skule (erfaringsdeling og førebuing til eksamen)
- Aktiv deltaking på samlingar gjennom erfaringsdeling og drøftingar med medstudentar.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette.
Vurderingsform
Munnleg eksamen i grupper.
Eksamen vert organisert som eksamenskonferanse. Innhald i eksamenspresentasjonen er relatert til læringsutbytteformuleringar i studiet.
Studentane må setje av ein heil dag til eksamen.
Karakter: Bestått/ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel