ØAF104 Rettsvitskap 2
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Faget gir ei fordjuping i rettsleg metode og dette brukast på næringsrelaterte rettsområde som maritim rett, energirett, familierett, sivilprosess og strafferett.
Det fokuserast på korleis spørsmål reises og kva for ei heimel som nyttast for å finne ei forsvarleg rettsleg løysning.
På kvart av dei næringsrelaterte rettsområda finnes det detaljregulering, og denne må ofte tolkast saman med meir generelle rettsreglar.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Ha ei grundig forståing av juridisk metode og dens bruk
- Kjenne til detaljregulering på utvalde forretningsrelaterte rettsområde
- Vite om dei meir generelle rettsreglane
Ferdighet
- Løse praktiske juridiske problemstillingar innafor emnets tema
- Svare på juridiske teorispørsmål innafor emnets tema
Generell kompetanse
- Ha eit bevisst forhold til den beskytting rettsreglane i privatrettslege sammenhengar gjev
- Evne til å bruke både detaljregulering og generelle rettsreglar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Hovudtyngda av undervisninga består av forelesingar og oppgåveløysing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Skriftleg skoleeksamen, 5 timer. Eksamen kan verte avheldt på digitalt eksamenssystem.
Tid og stad for eksamen verte opplyst på Studentweb.
Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovdata Pro i generell eksamensmodus
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- ØBR107 - Rettslære og skatt - Reduksjon: 2,5 studiepoeng