ØKB3136 Rekneskapsførarregelverket, rekneskapsorganisering og forretningsforståing.
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet gir innsikt i rekneskapsførarregelverket, rekneskapsorganisering og forretningsforståing
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten:
- har kunnskap om dei reglane som regulerer rettar og plikter for statsautoriserte rekneskapsførarar, inkludert profesjonsansvar og etiske retningslinjer
- har kunnskap om rekneskapsførarregelverket, det vil seie rekneskapsførarlova med forskrifter, god rekneskapsføringsskikk og regelverk mot kvitvasking
- Kjenner til styret, dagleg leiar og revisor sine roller og ansvar i eit selskap
- kjenner til generelle kontrollar og tiltak som bidreg til effektiv internkontroll
- har kunnskap om dei mest sentrale verksemdsrutinane
- kjenner til krav til tryggleik og kontrollar i IT-system
- kjenner til krav til rekneskapsbyrå sine rutinar i samsvar med risikostyringsforskrifta og personvernsreglar
- har kunnskap til å forstå risiko og risikobasert tilnærming, både i kundar sine og eiga verksemd, inkludert gjennomføring av risikoanalysar og risikostyring
- kjenner til forretningsmodellar, inkludert kva slags avtalar som kan påverke ulike forretningsmodellar
- har kunnskap om forretningsforståing for utvalde bransjar, inkludert vesentlege innteningsmodellar, og kan sjå samanhengen mot analyse av rekneskap (rekneskapsforståing)
- kjenner til kjenneteikna ved ulike sektorar - privat, offentleg og frivillig sektor
Ferdigheiter
Studenten:
- kan drøfte ulike roller som revisor, rådgjevar, kontrollar og rekneskapsførar
- kan reflektere over organisatoriske relasjonar og vurdere tiltak for å sikre effektiv internkontroll
- kan vurdere sentrale verksemdsrutinar m.m. som er nødvendige for å ha kontroll på økonomien i ei verksemd
- kan vurdere hensiktsmessig organisering av rekneskapsfunksjon og datafangst slik at ønskt kvalitet og effektivitet blir sikra gjennom gode rutinar og internkontroll
- kan gjennomføre analysar av rutinar og internkontroll i samsvar med COSO/COSO2 eller tilsvarande, og kan føreslå forbetringstiltak, inkludert etterleving av regelverk og eksterne krav for verksemda
- kan drøfte og kommunisere praktiske problemstillingar knytt til oppdragsgivar si operasjonalisering av rekneskapsrutinar, dokumentasjon, etterleving av plikter og vurdering av risiko og vesentlegheit
- kan analysere ulike bransjar og verksemder sine verknader på styring og kontroll
Generell kompetanse
Studenten:
- kan tileigne seg oppdatert kunnskap innan fagområdet
- kan formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre fagpersonar
- kan sjå emnet i eit større samfunnsperspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØA117 Finansrekneskap med analyse eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, oppgåveløysing og rettleiing i tilknyting til oppgåveløysing
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre innleveringsoppgåver
Vurderingsform
Digital skuleeksamen 4 timar 100%
Karakterskala A - F
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen (regelverkhefte er vedlegg på skuleeksamen)
Meir om hjelpemiddel