Hopp til innhald

ØAO016 Strategi og verksemdsutvikling

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Kurset gir ei innføring i grunnleggjande strategiske perspektiv og analysar. Gjennom kurset vil kandidatane opparbeide seg kunnskap om strategiske metodar og utvikle ei forståing for strategisk tenking. Kurset gir òg kandidatane ei grunnleggjande innføring i forretningsutvikling.

Kandidatane vil arbeide i grupper med to arbeidskrav og ein semesteroppgåve. Desse er forma slik at kandidatane får øvd seg på å bruke kunnskapane, ferdigheitene og dei generelle kompetansane som er skildra under.

Læringsutbytte

Etter å ha gjennomført og bestått emnet vil kandidatane ha tileigna seg kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som beskrive under:

Kunnskapar:

  • God innsikt i sentrale tema, teoriar, problemstillingar og metodar knytt til strategifaget.
  • Innsikt i dei viktigaste årsakene til lønnsemdforskjellar mellom verksemder.
  • Kunnskap om korleis ein kan identifisere moglegheiter for forretningsutvikling, og korleis ein kan leggje til rette for å utnytte desse.

Ferdigheiter:

  • Gjennomføre strategiske analysar av verksemder sine omgjevnadar, ressursar og aktivitetar.
  • Identifisere og drøfte problemstillingar knytt til strategiske val og operasjonalisering av strategi.
  • Identifisere og analysere kva element som er viktige for verksemder si evne til å skape og kapre verdi over tid.
  • Identifisere ei verksemd si forretningsidé og -modell, samt formulere forslag til alternativ forretningsidé og -modell.

Generell kompetanse:

  • Forstå betydinga av strategi og forretningsutvikling for verksemder.
  • Evne til kritisk refleksjon rundt tema i emnet.
  • Evne til å presentere fagstoff og analyse både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskapar tilsvarande grunnleggande marknadsføring (t.d. BØA116) og grunnleggande organisasjonsfag (f.eks. BØA112). Noko forkunnskapar i samfunnsøkonomi og bedriftsøkonomi er ein fordel.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, gruppearbeid og praktiske øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å levere semesteroppgåva må dei følgjande to arbeidskrava være bestått:

  1. Ei skriftleg gruppeoppgåve.
  2. Eit skriftleg eller munnleg gruppearbeid som skal delast med klassen.

Obligatoriske arbeidskrav gjeld eksamenssemesteret og dei 3 påfølgjande semestra.

Vurderingsform

Semesteroppgåve som skal løysast i gruppe (100 % av endeleg karakter)

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØAO014 - Strategisk leiing og logistikk - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • ØKB2123 - Føretaksstrategi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • OR6-1005 - Strategi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB2018 - Føretaksstrategi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SA079 - Strategi - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB2106 - Føretaksstrategi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB018 - Føretaksstrategi - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB2109 - Føretaksstrategi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB2119 - Føretaksstrategi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • STR801 - Strategi- og verksemdutvikling - Reduksjon: 7,5 studiepoeng