ØSS120 Mikroøkonomi 2
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Kurset tar for seg følgjande emne:
- Vidaregåande konsument- og produsentteori
- Grunnleggande spillteori
- Marknader med mangelfull konkurranse
- Marknader med asymmetrisk informasjon
- Generell likevekt og internasjonal handel
Læringsutbytte
Kunnskapar:
- Grunnleggande mikroøkonomi tilsvarande BØA203 Mikroøkonomi 1; sjå eigen kursomtale
- Forklare sentrale omgrep innan mikroøkonomi og spillteori
- Analysere forbrukarar og verksemder sine kjøp og sal generelt, samt i situasjonar med asymmetrisk informasjon eller spel-liknande situasjonar
- Analysere verkemåten og effektiviteten til marknader der det kan eksistere mangelfull konkurranse eller asymmetrisk informasjon
- Analysere internasjonal og intertemporal handel ved hjelp av generell likevektsteori
- Analysere de velferdsmessige konsekvensane av økonomisk politikk
Ferdigheiter:
- Formulere, illustrere, løyse og anvende mikroøkonomiske og spelteoretiske modellar, samt enkle generelle likevektsmodellar
- Reflektere kritisk over marknader, økonomiske hendingar som kan oppstå i samband med utforminga av økonomisk politikk
Generell kompetanse:
- Gjere bruk av abstrakte mikroøkonomiske modeller
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØA111 Matematikk for økonomer eller tilsvarande.
BØA203 Mikroøkonomi 1 eller tilsvarande,
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar og sjøvstendig arbeid med teori og oppgåveløysing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
4 timar skuleeksamen. Karakterskala A - F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Godkjent enkel kalkulator: sjå lenka under for kva kalkulatormodeller som er godkjent
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- ØSS105 - Internasjonal handel - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- ØSS111 - Mikroøkonomi II - Reduksjon: 5 studiepoeng
- ØSS116 - Vidaregåande mikroøkonomi - Reduksjon: 6 studiepoeng