Hopp til innhald

BKUF350 Bacheloroppgåve

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Bacheloroppgåva er eit fordjupingsarbeid over ei sjølvvalt problemstilling som har relevans for kjernetematikken i studieprogrammet. Gjennom bacheloroppgåva skal studenten byggje på den praktiske og teoretiske kompetansen dei har tileigna seg gjennom heile studieløpet, og utvikle ny kunnskap i eit sjølvstendig arbeid i tråd med forskingsmetodiske krav og forskingetiske retningsliner. Arbeidet skal innehalde ein praktisk skapande komponent som det skal reflekterast eksplisitt rundt.

Bachelorprosjektet kan vera einfagleg eller tverrfagleg og kan gjennomførast individuelt eller som eit samarbeid mellom to studentar. Arbeidet kan vere ei vidareføring og utdjuping av tidlegare prosjekt i bachelorstudiet eller representere eit nytt prosjekt som blir bygd opp frå botn av som del av bacheloremnet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om samanhengar mellom vitskaplege, kunstnarlege og kreative skapande prosessar
  • har kunnskap om kunstfagleg arbeid i ein spesifikk samfunnsmessig kontekst

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid og avgrense eige problemområde
  • kan skape, presentere og vurdere resultat i lys av relevant litteratur, og nytte tileigna kunnskap i nye samanhengar
  • kan ta i bruk kunnskap om fagteori og forskingsmetode i eige prosjekt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i tråd med etiske krav og retningsliner
  • er i stand til å reflektere over og gjere greie for eigen kompetanse og eiga utvikling
  • er i stand til å utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfeller og slik bidra til utvikling og god praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Obligatoriske rettleiingsøkter inngår i studiet. Som ledd i arbeidet med bacheloroppgåva er det undervegs-seminar der studenten har framlegg for medstudentar og faglærarar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. Innlevering av forskingsskisse innan avtalt frist
  2. Tre obligatoriske rettleiingsmøte med oppnemnd rettleiar
  3. Deltaking på bachelorseminar med framlegging og medstudentrettleiing
  4. Sjølvvalt litteratur tilsvarande ca 300 sider må vere godkjend av rettleiar.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Bacheloroppgåve.

Skriftleg omfang: 6000 ord +/- 10%. Innlevering skal innehalde multimedial digital dokumentasjon av eit praktisk arbeid. Eventuell dokumentasjon i form av video eller lyd skal ikkje overstige 15 minutt. Det praktiske arbeidet skal dokumenterast digitalt på ein måte som er i tråd med arbeidets art og faglege forankring. Dokumentasjonen kan til dømes vere film, innspelt musikk, lydfiler, biletbok, lydfiler, innspelt musikk,film, bilete eller fotografi.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Dersom bacheloroppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i løpet av dei to påfølgjande semestra. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Studentar som skal levere på nytt må gjennomføre ei obligatorisk rettleiing. Etter dette må det skrivast heilt ny bacheloroppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).

Meir om hjelpemiddel