Hopp til innhald

DØL117 Digital organisering og leiing

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi oppdatert kunnskap om organisering og leiing i ein digital tidsalder. Viktige tema er korleis digitale teknologiar og utnytting av desse gjer mogleg forbetringar, transformasjon og utfordringar for:

• organisasjonsstrukturar og arbeidsprosessar

• beslutningstaking

• organisasjon og teknologi

• leiing og fjernleiing

• samhandling mellom menneskelege tilsette og digitale løysingar som robotikk og kunstig intelligens.

• etikk, samfunnsansvar og berekraft

• regulering

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter ferdig kurs har studenten kunnskap om og forståing av:

  • korleis digital teknologi gjer mogleg og fører med seg endring av organisasjonar
  • digital teknologi og digitale løysningar som kan påverke organisasjon, organisasjonen sin funksjon, drift, beslutningstaking og måloppnåing
  • korleis digital teknologi påverkar val av struktur-, kultur- og praksis for organisasjonsform, samhandling og leiing
  • utfordringar knytt til etikk, samfunnsansvar og berekraft ved bruk av digital teknologi

Ferdigheiter

Studentane er etter gjennomført kurs:

  • i stand til å analysere korleis digital teknologi gjer mogleg og fører med seg organisasjonstransformasjon
  • kan reflektere kritisk over og bruke teoriar og metodar innan organisering og digital transformasjon med vekt på drivarar og barrierar
  • kan delta konstruktivt og komme med forskingsbaserte forslag i organisasjons-endringsprosessar der digital teknologi er sentral
  • kan vurdere utfordringar knytt til etikk, samfunnsansvar og berekraft for digital teknologi i organisasjonar.

Generell kompetanse

Studentane er etter gjennomført kurs:

  • i stand til å jobbe både uavhengig og i team med praktiske og teoretiske problem
  • i stand til å presentere resultat av slikt arbeid i munnleg og skriftleg form
  • kan formidle relevante tema til både spesialistar og lekfolk
  • veit når ytterlegare kompetanse er nødvendig, og kor den kan bli funnen

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Fysisk undervising, seminar, gruppearbeid og rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ein gruppebasert skriftleg innlevering og ein presentasjon i gruppe etter gitt emne

Vurderingsform

Deleksamen med to delar:

Gruppebasert essay om gitt tema (utgjer 40% av karakteren).

Individuell skuleeksamen 5 timar (utgjer 60% av karakteren).

Karakterskala: A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ved skriftleg skoleeksamen: Ingen

Meir om hjelpemiddel