STR801 Strategi- og verksemdutvikling
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Faget skal gi grunnleggande kunnskapar i foretaksstrategi og strategisk analyse, samt utvikling av ny verksemd innanfor og utanfor eksisterande verksemder.
Strategi er grunnlaget for forretningsdrift. Strategiske val skal hjelpe ei verksemd til å skape seg konkurransefortrinn i forhold til andre verksemder i bransjen, til å skape verdi for kundane og i siste instans til å skape verdi for eigarane, samstundes som samfunnsansvar skal utvisas.
Utgangspunktet for strategi er ei analyse av eksterne forhold som påverkar verksemda. Desse forholda endrar seg no i eit tempo som er stadig høgare, og både teknologi, produksjonsmetodar og kundebehov endrar seg stadig raskare. Vidare skapar krav om bærekraftig utvikling og vekst utfordringar og moglegheiter for verksemder. Sirkulær økonomi er ei tilnærming for å bidra til å løyse bærekraftsutfordringar.
Faget skal gi ein grunnleggjande forståing av korleis bransjespesifikke forhold og makroforhold (eksterne forhold) kan identifisere trugslar og moglegheiter i ulike næringar. Vidare skal faget formidle korleis bedriftsinterne ressursar og kapabilitetar (interne forhold) kan avdekke enkeltverksemder sine styrker og svakheiter. Analyse av desse forholda legg grunnlaget for strategival, til dømes i retning av ein kostnadsleiarstrategi eller differensieringsstrategi. Studentane bør òg få ei grunnleggjande forståing av ulike internasjonaliseringsstrategiar, konsernstrategiar, kjenneteikn ved regionale/nasjonale komparative fortrinn, og berekraftig verksemdsutvikling og foretaksetikk.
Fokuset i faget skal liggje både på strategi i den løpande drifta av ei verksemd og på strategiar for å skape ny verksemd både innanfor og utanfor rammene av eksisterande verksemder.
Læringsutbytte
Læringsutbytte:
Kunnskaper:
- Forklare grunnleggjande prinsipp og begrep innan strategisk leiing
- Forklare korleis strategival baserast på analysar av forhold utanfor og innan ein verksemd
- Forklare korleis ein gjennom strategisk analyse kan identifisere og sikte seg inn mot nye verksemdområde
- Ha kunnskap om innovasjon og entreprenørskap
- Ha kunnskap om verksemdsutvikling
- Ha kunnskap om ulike varianter av verksemd- og innteningsmodellar
Ferdigheter:
- Identifisere eigenskapar ved ein bransje, og kva moglegheiter og trugslar dette kan utgjere for ei verksemd i denne bransjen
- Kartlegge interne arbeidsvilkår i ein verksemd
- Identifisere ei verksemda sine verdikonfigurasjon
- Identifisere ei verksemd sin forretningside og forretningsmodell
- Foreslå ein strategi basert på ei verksemd sine omgjevnader og interne ressursar
- Foreslå moglege satsingsområde basert på strategisk analyse
- Forklare teknologiutviklinga si innverknad på strategi
- Forklare fordelar og ulemper ved ulike internasjonaliseringsstrategiar
Generell kompetanse:
- Forstå bærekraft som drivkraft for og innverknad på strategi- og verksemdsutvikling
- Forstå betydinga av strategi i den løpande drifta av ei verksemd
- Forstå betydinga av å utvikle og skape nytt i eksisterande verksemder som eit ledd i ein langtidsstrategi
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformene vil variere mellom forelesninger, gruppearbeid og praktiske øvinger.
Obligatorisk læringsaktivitet
I løpet av kurset skal det leverast inn to gruppebaserte deloppgåver som må bestås for å få gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Deleksamen med to deler:
1) Semesteroppgåve som skal løyses i grupper (60% av endeleg karakter).
2) Skriftleg heimeeksamen, 2 timer (40% av endeleg karakter). Eksamen kan bli avhalden på digitalt eksamenssystem.
Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.
Begge deler må vere bestått for å få karakter i emnet.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler er tillatte.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- ØAO016 - Strategi og verksemdsutvikling - Reduksjon: 7,5 studiepoeng