Hopp til innhald

BSD001 Berekraft, sirkulær økonomi og digitalisering

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Sirkulær økonomi har blitt eit viktig omgrep i diskusjonen om berekraftig utvikling. Å endra utviklinga i ei meir berekraftig retning ut frå sirkulære prinsipp refererer til nye måtar å organisera økonomien på som kan redusera gapet mellom ressursuttak og gjenbruk. I dag blir ca. 7 prosent av ressursane i verda gjenbrukt i økonomien. Dei resterande 93% endar opp som avfall. Ein overgang til ein sirkulær økonomi kan endra dette forholdet og redusera behovet for stadig uttak av ikkje fornybare ressursar etter målet om berekraftig utvikling.

Gjennom dette emnet vil du få ei betre forståing for kva sirkulær økonomi er og kva omstillingar det å ta vare på materiala i økonomien så lenge som mogleg, vil krevja. Du vil få meir kjennskap til berekraftig utvikling og grønn vekst, og korleis digitalisering kan spela ei viktig rolle i ein framtidig sirkulær økonomi. Temaet sirkulære forretningsmodellar står sentralt og du vil få ei innføring i korleis bransjar og verksemder kan omstilla og innovera i tråd med sirkulære strategiar og prinsipp.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidatene skal kunna:

▪Kjenne til bakgrunnen for berekraft og sirkulær økonomi innanfor akademia, politikk og næringsliv med spesiell vekt på industrielle og teknologiske revolusjonar.

▪Ha innsikt i avtaleverk, reguleringar og planar på ulike nivå, inkludert sirkulære initiativ globalt, nasjonalt og lokalt. Til dømes EUs grøne giv.

▪Kjenne til sentrale utfordringar knytt til berekraftig vekst som gjeld klimautslepp, ressursmangel og tap av biologisk mangfald, og dessutan kunne skildre hindringar og dilemma ved overgangen til ein sirkulær økonomi.

▪Forklara grunnleggjande omgrep og prinsipp innan berekraftig utvikling og sirkulær økonomi.

▪Forklara kva sirkulær økonomi er og korleis sirkulære strategiar, som til dømes design kan bidra til berekraft.

▪Ha god kunnskap om sirkulære forretningsmodellar og innovasjon for utvikling av produkt/tenester, prosessar og marknader. Forstå viktigheita av samarbeid på tvers av sektorar eller bransjar og verksemder som føresetnad for å realisera dette.

▪Kunne skildre samanhengar i verdikjeder og materialstraumar innanfor ulike bransjar og ulike verksemder.

▪Ha kunnskap om digitalisering som mogleggjerande teknologi for sirkulære løysingar.

▪Kjenne til ulike fasilitatorar /akseleratorar for overgang til ein sirkulær økonomi.

Ferdigheiter

Kandidatane skal kunna:

▪Identifisera eigenskapar ved ein bransje/sektor og potensielle moglegheiter og relevante barrierar for meir sirkulære verksemdspraksis.

▪Analysera verdikjeder og materialstraumar i eiga verksemd, og identifisera moglegheiter for gjennom sirkulære prinsipp og strategiar å halde ressursar lengst mogleg i krinslaupet og med lågast mogleg energibruk.

▪Bidra til å utvikla, fremja og innlemma sirkulære forretningsmodellar i ei verksemd, identifisera område for størst potensiale i ein sirkulær verdisirkel.

Generell kompetanse

Kandidatane skal kunna:

▪ Forstå betydninga av overgangen til ein sirkulær økonomi og behovet for meir sirkulære produksjonsprosessar i økonomien og i bedrifter/verksemder.

▪Kjenne til ulike sirkulære strategiar og korleis dei kan endra etablerte forretningsmodellar.

▪Foreslå tiltak og kjenne til døme som utnyttar potensialet for berekraftig forretningsutvikling med utgangspunkt i sirkulær økonomi.

▪Vurdera ei verksemd sine omgjevnader og behovet/moglegheitene for samarbeid med andre.

▪Ha evne til kritisk refleksjon rundt temaa i emnet (til dømes omgrepa økonomisk vekst og grønvasking)

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Fysiske forelesingar/samlingar, øvingar, sjølvstudium og eventuelt gjesteforelesingar/ekskursjonar.

Digitale forelesingar (synskrona og asynkront).

Case-døme, oppgåver og refleksjonsoppgåver. Podkast og video-materiell.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å kunna ta eksamen må følgjande to obligatoriske læringsaktivitet vera oppfylt:

• Gjennomført to gruppevise skriftlege innleveringar

• Gjennomført ein gruppevis munnleg/digital presentasjon

Vurderingsform

Ei gruppevis semesteroppgåve (tel 100%): Ei skriftleg innlevering som også kan inkludera bidrag i form av til dømes ein video eller eit bidrag i sosial media.

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • FLE119 - Berekraft, sirkulærøkonomi og digitalisering - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • NVB011 - Berekraft, sirkulær økonomi og digitalisering - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • DKR003 - Berekraft, sirkulærøkonomig og digitalisering - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ESB112 - Sirkulær økonomi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng