BARN130 Barn og unges oppvekst og utvikling

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL studieåret 2020/2021. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

I dette emnet vert psykologi, sosialpedagogisk arbeid med barn og unge og utvikling av kommunikasjon og relasjonskompetanse vektlagt. Innhaldet i psykologiundervisninga omhandla generell psykologi, utviklingspsykologi og sosialpsykologi. Studentane vert presenterte for ulike perspektiv på barn og unge si utvikling. I sosialpedagogisk arbeid er  prinsippa i eit relasjonelt pedagogisk perspektiv og korleis  anvende didaktiske prinsipp i sosialpedagogisk arbeid vektlagt. I undervisning og ferdigheitstrening skal studentane utvikle relasjonskompetanse og kunne lære å sjå samanhengen mellom det personlege og det profesjonelle i barnevernspedagogen sitt liv. Studentane skal også øve seg på å samtale med eit barn. Systemteori og systemteoretiske perspektiv vert presentert som eit perspektiv i arbeid med barn, unge og deira familiar.

Læringsutbytte

En student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten…

  • har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid med barn og deira foreldre
  • har kunnskap om mangfaldsperspektiv i arbeid med barn og familiar
  • har fleirfagleg kunnskap om barn sin oppvekst, utvikling og sosialisering med særleg vekt på barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar 
  • har kunnskap om korleis fremje barn si deltaking
  • har kunnskap om systemteori og korleis systemteoretiske  perspektiv vert brukt i arbeid med barn, unge og deira familiar
  • kjenner til ulike former for  familieliv og familiekonstellasjonar        
  • har kunnskap om sosiale media som del av barn sin oppvekst    

Ferdigheiter:
Studenten…

  • kan kommunisere og samarbeide hensiktsmessig med barn, unge og føresette på måtar som fremjer deltaking 
  • kan bruke erfaring og fleirfagleg kunnskap til å vurdere barns beste og bygge relasjonar i møte med barn og deira foreldre   
  • kan bruke livsformsintervju som samtalemetodikk i samtaler med barn   

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan nytte fleirfagleg kunnskap til å møte og forstå barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar  
  • har innsikt i eigen forforståing, haldningar og verdiar, og kva betydning dette har i kommunikasjon med barn og deira familiar

Krav til forkunnskapar

Emnet er berre ope for studentar som har fått opptak på bachelor i barnevern.

Tilrådde forkunnskapar

Studentar som har gjennomført dei obligatoriske læringsaktivitetane  i BARN110 og BARN120 vil ha større utbytte av undervisninga i dette emnet. 

Undervisnings- og læringsformer

Undervisings- og læringsformer vekslar mellom forelesing, seminar, gruppearbeid, arbeid i basisgrupper, ferdigheitstrening med video, rollespel i grupper og digitale verktøy.

Arbeidskrav

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1. 80 % frammøte i  studentaktiv- og erfaringsbasert undervising knytta til gruppearbeid, ferdigheitstrening i kommunikasjons- og relasjonsarbeid og i samtalar med barn og unge

2. Individuelt refleksjonsnotat i kommunikasjon- og relasjonsarbeid. Omfang: 1600 ord ( +/- 10%)

3. Gjennomføre eit livsformintervju med eit barn og transkribere intervjuet

4. Individuelt refleksjonsnotat om eiga læring i å samtale med barn. Omfang: 1200 ord (+/-10%)

5. Munnleg framlegg i grupper frå arbeid med oppgåver i basisgrupper.

Ved ikkje godkjente skriftlege obligatoriske læringsaktivitetar kan ein levere inn revidert versjon ein gong. , jf forskrift  om studium og eksamen ved høgskulen på Vestlandet § 8- 4

Godkjende læringsaktivitetar  er gyldig i 3 semester.

·         

Vurderingsform

Eksamen 
Individuell heimeksamen over 3 dagar. Oppgåva skal være på 2000 ord (+/- 10%)

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen
Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BVP5-205 (1) - Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • BVP5-106 (1) - Barn og unges kvardagsliv, oppvekst og utvikling - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • BVP5-105 (1) - Sosialpedagogisk introduksjon - Reduksjon: 5 studiepoeng