Hopp til innhald

SO590 Bacheloroppgåve i sosiologi

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Denne modulen gir høve til å orientere seg sjølvstendig i aktuell sosiologisk forsking og teori. Vi inviterer særskilt studentane til å velje problemstillingar for oppgåveskriving innan ungdomssosiologi eller arbeidssosiologi, der studentar gjerne kan å nytte erfaringar frå emnet SA591 Arbeidslivsretta sosiologi som utgangspunkt for problemstillingar. Oppgåva skal ha eit omfang på 7500 ord. Studentane vel problemstilling og pensum i samråd med rettleiar.

Læringsutbytte

Etter fullført emne

Kunnskapar

  • har studenten grundig kunnskap om eit emne som studenten har skrive oppgåve om
  • kjenner studenten til og forstår korleis emnet for bacheloroppgåva plasserer seg i det sosiologiske forskingsfeltet

Ferdigheiter

  • kan studenten finne, vurdere og undersøke ei sosiologisk problemstilling
  • kan studenten reflektere over sosiologiske problemstillingar ved å integrere kunnskap frå ulike kjelder
  • kan studenten nytte teoretisk og metodisk kunnskap til å gjennomføre eit avgrensa sosiologisk forskingsarbeid

Generell kompetanse

  • kan studenten planleggje og gjennomføre faglege arbeid av relativt stort omfang
  • har studenten innsikt i korleis ein effektivt kan skaffe seg oversikt over eit fagområde gjennom litteratursøk og andre relevante kjelder
  • kan studenten formidle ei fagleg problemstilling gjennom å skrive ein lengre samanhengande akademisk tekst
  • kan studenten delta i det offentlege ordskiftet gjennom å utveksle synspunkt og erfaringar, basert på brei sosiologisk kunnskap

Krav til forkunnskapar

Minimum 30 studiepoeng i sosiologi og avlagd eksamen i ex.phil og ex.fac. 

Tilrådde forkunnskapar

SA592 Arbeidssosiologi med metode.

SA591 Arbeidslivsretta sosiologi.

SA584 Ungdom og ulikskap.

Undervisnings- og læringsformer

Oppgåveskrivinga vil vere utgangspunkt for læringsaktivitetane som i hovudsak er basert på individuell rettleiing. Bacheloroppgåva blir skrive enten med utgangspunkt i eit bestemt tema eller problemstilling, eller som ein presentasjon og analyse av ein sosiologisk monografi eller empirisk studie. Faglærar kan gjere framlegg om tema/ problemstillingar/monografiar og gir elles råd om relevant litteratur.

Emnet inneheld også eit oppstartsseminar og eit felles oppgåveseminar midtvegs i undervisningsperioden.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i midtvegsseminar. Alle studentar leverer eit utkast til problemstilling, forslag til litteratur som kan nyttast i oppgåva, og ei oversikt over planlagd struktur i oppgåva. Studentane kommenterer kvarandre sine utkast. (Godkjend/ ikkje godkjend).

Vurderingsform

Bacheloroppgåve. Innlevering av individuelt skriftleg arbeid med munnleg etterprøving. Omfang: 7500 ord. Den munnlege etterprøvinga er ein fagleg diskusjon om den skriftlege oppgåva. Sensorane kan også dra inn sosiologiske omgrep og perspektiv frå studiet som ikkje er brukte av studenten i oppgåva, men som kan vere relevante i diskusjonen. Bokstavkarakter.

Oppgåva må vere sensurert med ein førebels greidd karakter for at studenten skal kunne gå opp til munnleg etterprøving. Endeleg karakter vert gitt etter munnleg etterprøving. Karakteren kan justerast med inntil ein karakter. 

Ved stryk (kontinuasjon) etter skriftleg arbeid: Kandidaten leverer ein endra (forbetra) versjon av bacheloroppgåva og får tilbod om ein time rettleiing. Ved stryk på andre forsøk, må oppgåve med ny problemstilling leverast.   

Ved ikkje greidd karakter etter munnleg må heile eksamen takast opp att (både ny skriftleg oppgåve og munnleg etterprøving). 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne ved skriving av bacheloroppgåve.

Det er høve til å ta med eiga bacheloroppgåve ved munnleg etterprøving. 

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SO590 - Bacheloroppgåve i ungdomssosiologi - Reduksjon: 15 studiepoeng