Hopp til innhald

BARN300 Arbeid med barn og familiar i krevjande livssituasjonar

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet handlar om arbeid med barn og unge med samansette vanskar og deira familiar, med hovudvekt på arbeid i barnevernsinstitusjon. Emnet viser korleis barnevernspedagogen kan ta i bruk kunnskap frå psykologi og pedagogikk, samt systemiske, økologiske og mangfaldsperspektiv til å hjelpe barn og unge i samarbeid med familien eller i miljøterapeutisk arbeid. Tverrprofesjonelt samarbeid vil også vere eit sentralt tema. Emnet tek opp kva konsekvensar vald, seksuelle overgrep, krigs- og flukt- erfaringar kan ha for barn og unge, og korleis desse kan møtast med traumebevisst omsorg og andre endringstiltak. Studentane øver seg i å reflektere over ulike forståingsmåtar, og velje miljøterapeutiske tilnærmingar og samtaleformer som kan vere tenleg for det enkelte barn i familien eller på institusjon. Undervisning om ungdom og rus, marginalisering og kriminalitet inngår i emnet, like eins strafferett og tvangslovgjeving innan psykisk helse og rus. 

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten…

  • har brei og fleirfagleg kunnskap om barn og unge si psykiske helse.
  • har brei og fleirfagleg kunnskap om ungdom og rus, marginalisering og kriminalitet.
  • har brei kunnskap om konsekvensar for barn og unge av utviklingstraumer, krigs- og flukterfaringar .
  • har kunnskap om barn sine livssituasjonar og minoritetserfaringar som urfolk, etniske minoritetar og flyktningar.
  • har brei kunnskap om familie- og nettverksarbeid.
  • har kjennskap til ulike former for familieliv og familiepolitiske føringar.
  • har kunnskap om ulike metodar og tiltak innan miljøterapeutisk arbeid med utsette barn og unge på institusjon .
  • har kjennskap til strafferett, tvangslovgjeving i Lov om psykisk helsevern og Lov om kommunale helse- og omsorgstenester.
  • har brei kunnskap om tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid om barn og familiar med samansette vanskar.

Ferdigheiter:
Studenten…

  • kan anvende fleirfagleg kunnskap og kunnskap frå barn og unge til å vurdere barnets beste i miljøterapeutisk arbeid på institusjon og arbeid i familien.
  • kan sikre krenka og traumeutsette barn og unge eit godt og tilpassa omsorgstilbod gjennom traumebevisst omsorg. 
  • kan samarbeide tverrfagleg og tverretatleg om barn og familiar med samansette vanskar.

Generell kompetanse:
Studenten…

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere endringstiltak i familien og på institusjon for barn og unge med samansette vanskar.
  • har innsikt i etiske problemstillingar knytt til forholdet mellom maktutøving og barns medverknad.
  • kan anvende kunnskap og kompetanse til å initiere og leie tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid i møte med barn og familiar med samansette vanskar.

Krav til forkunnskapar

Alle emne i første studieår og tredje semester (BARN200, BARN210) og BARNP2 må vere bestått for å starte i femte semester (haust 3. studieår). 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisningsformer i dette emnet er førelesingar, seminar, skriftleg oppgåve, rettleiing i grupper og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1. Ei individuell skriftleg oppgåve innan gitt frist. Omfang 1000 ord +/- 10%. Munnleg tilbakemelding frå lærar og medstudentar i grupper.

2. Krav om deltaking på seminar

Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester.

Vurderingsform

Heimeeksamen
Individuell heimeeksamen på 3500 ord (pluss/minus 10 %), 7 dagar

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått

Ny eksamen
Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BVP5-205 - Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BVP5-312 - Forskingsmetode, psykisk helse og barnevern - Reduksjon: 7,5 studiepoeng