Hopp til innhald

BFL301 Barn og friluftsliv

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet skal stimulere til pedagogisk arbeid med barn utandørs. Studentane skal få erfaring med å vere ute i ulike naturmiljøer. Studiet legg vekt på å sjå moglegheiter for bevegelse, leik, oppleving og undring for alle barn i nærområde. Dei skal lære om mangfald og samanhengar i naturen. Målet er å utvikle studentane til ressurspersonar som kan utvikle og leie friluftslivet i barnehagen.

Emnet er i stor grad basert på undervisning ute med praktisk arbeid. Undervisninga er forskingsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del av emnet.

Emneplanen bygger på Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning og emnet er ein valbar fordjuping i bachelorstudiet. Kunnskapsbasen bygger på kunnskapsområda, natur, helse og rørsle, barns utvikling, lek og læring og språk, tekst og matematikk. Studiet er lagt til haust- og vårsemesteret tredje studieår.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • Har brei kunnskap om korleis ein kan stimulere til barns undring, utforsking, meistring, leik, utvikling og læring i naturen
  • Har kunnskap om berekraftig utvikling og didaktiske praksisar som kan nyttast i barnehagen
  • Har kunnskap om, og innsikt i prosjektarbeid saman med barn
  • Har kunnskap om ulike naturtypar, landskap og nærmiljø
  • Har kunnskap om pedagogisk friluftsliv
  • Har kunnskap om matematikk som eit kreativt og estetisk fag ute
  • Har kunnskap om inkludering og om kulturelt mangfald i barnegruppa

Ferdigheter

Studenten

  • Kan planlegge, gjennomføre og evaluere tverrfaglege, matematiske, natur- og friluftsaktivitetar i ulike naturtypar til ulike årstider, som fremmar barn si meistring, nysgjerrigheit, oppdagerglede og sjølvutvikling
  • Kan legge til rette for bruk av naturen til oppleving, observasjon, eksperiment, utforsking, leik og læring i ulike tema i nærmiljø for alle barn
  • Kan meistre basisferdighetar i friluftsliv og ha evne til å meistre opphald og ferdsel i varierte naturmiljø
  • Kan leie eit prosjektarbeid for å utvikle alle barn sine matematiske-, naturfaglige- og friluftskompetanse.
  • Leiing av, og kritisk refleksjon over, arbeid med friluftsliv i ei mangfoldig barnegruppe

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan kritisk vurdere eiga leiarrolle og fagleg didaktisk arbeid med barn
  • Har god kjennskap til tryggleik ved natur- og friluftsaktivitetar
  • Har sjølvstendig og reflektert forståing for barnehageprofesjonen si særstilling og kan videreutvikle barnehagen og barnehagelærerrolla
  • Kan fungere som ein ressursperson som bidrar til å heve den faglege kvaliteten i barnehagen sitt utemiljø og turkultur

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

NHR101/STM101/BULL101 bør vere greidd før studentar kan begynne på fordjupinga.

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta varierte arbeidsformer som lærarstyrte og studentstyrte aktivitetar, arbeid i grupper, seminarverksemd, ekskursjonar med overnatting, førelesningar, rettleiing og sjølvstudium. Delar av det studentaktive arbeidet vil liggja utanom dei timeplanfesta aktivitetane.

Praksis

I denne fordjupinga er det obligatorisk TVEPS-praksis (Tverrprofesjonell samarbeidslæring). Dersom du får TVEPS-praksis i ein annan barnehage enn praksisbarnehagen din, får du avspasere ein dag frå ordinær praksis.

Praksis vert gjennomført etter eigne læringsutbytte som står oppført i studieplanen. Informasjon om praksis (BBLPR301) ligg i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Didaktisk opplegg i fleirkulturelle barnehagar. Oppgåva er knytta til læringsutbytta:
  • Har brei kunnskap om korleis ein kan stimulere til barns undring, utforsking, meistring, leik, utvikling og læring i naturen.
  • Har kunnskap om inkludering og om kulturelt mangfold i barnegruppen
  • Kan legge til rette for bruk av naturen til oppleving, observasjon, eksperiment, utforsking, lek og læring i ulike tema i nærmiljø for alle barn
  • Kan kritisk vurdere eiga leiarrolle og fagleg didaktisk arbeid med barn

  • Prosjektarbeid - tverrfagleg. Oppgåva er knytta til læringsutbytta:
  • Kunnskap om, og innsikt i prosjektarbeid saman med barn.
  • Kan planlegge, gjennomføre og evaluere tverrfaglege, matematiske, natur- og friluftsaktivitetar i ulike naturtypar til ulike årstider, som fremmer barn si meistring, nysgjerrigheit, oppdagerglede og sjølvutvikling

  • Forflytta undervisning. Oppgåva er knytta til læringsutbytta:
  • Har kunnskap om pedagogisk friluftsliv.
  • Kan meistre basisferdighetar i friluftsliv og ha evne til å meistre opphald og ferdsel i varierte naturmiljø
  • Har god kjennskap til tryggleik ved natur- og friluftsaktivitetar

  • Obligatorisk deltaking er knytta til læringsutbytta:
  • Kan legge til rette for bruk av naturen til oppleving, observasjon, eksperiment, utforsking, leik og læring i ulike tema i nærmiljø for alle barn
  • Kan meistre basisferdighetar i friluftsliv og ha evne til å meistre opphald og ferdsel i varierte naturmiljø
  • Har sjølvstendig og reflektert forståing for barnehageprofesjonen si særstilling og kan videreutvikle barnehagen og barnehagelærerrolla

Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir nærare presisert ved semesterstart. Obligatoriske læringsaktivitetar blir vurdert som godkjent / ikkje godkjent, og inngår ikkje i den endelege karakter i emnet.

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel på inntil 2500 kr. Denne vil bli spesifisert ved semesterstart. Det vert lagt til rette for kompensatorisk læringsaktivitet, dersom ein ikkje kan delta på ekskursjonane.

Vurderingsform

Praktisk -munnleg eksamen. Individuell, 30 minutt.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel tillatt.

Meir om hjelpemiddel