Hopp til innhald

EM6-1003 Jus for eigendomsmeglarar 1

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studenten ei innføring i sentrale forretningsjuridiske tema; avtalerett, kjøpsrett, selskapsrett, marknadsføringsrett, arbeidsrett, pengekravsrett, økonomisk kriminalitet og reglar om tvangsfullbyrding, gjeldsforhandling- og konkurs. I tillegg gis ei innføring i juridisk metode, altså korleis ein går frem for å fastleggja innhaldet av rettsreglar og løyse konkrete rettsspørsmål.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten skal

  • ha kjennskap til sentrale rettsreglar innanfor temaene avtalerett, kjøpsrett, selskapsrett, marknadsføringsrett, arbeidsrett, pengekravsrett, økonomisk kriminalitet og reglar om tvangsfullbyrding, gjeldsforhandling- og konkurs.
  • ha grunnleggjande kjennskap til juridisk metode

Ferdigheiter:

Studenten skal

  • kunne løyse juridiske problemstillingar innanfor temaene avtalerett, kjøpsrett, selskapsrett, marknadsføringsrett, arbeidsrett, pengekravsrett, økonomisk kriminalitet og reglar om tvangsfullbyrding, gjeldsforhandling- og konkurs.

Generell kompetanse:

Studenten skal

  • vere medviten om jussens rolle i samfunnet
  • vere merksam på at jussen set rammane for handlingsrommet til offentleg og privat verksemd, og viktigheta av å opptre innanfor desse grensene på ein føremålstenleg måte.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåvegjennomgang i plenum og skriftleg arbeidskrav.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eit skritfleg arbeidskrav

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarer til ikke bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Næringslivets lovsamling (Sverre Faafeng Langfeldt) og/eller Lovdata pro i eksamensmodus (med dei innarbeidinger som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeider, forskrifter og rettspraksis frå Høyesterett og lagmansrettene, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna), og nettbasert bokmål/nynorsk ordbok.

Meir om hjelpemiddel